Ferja kan også fungere som prøverom for Barmen-jakka
Foto: Håvar Fagerli
Den store fordelen med å bu på ei øy er ferja. Knytepunktet og livsnerven til øya kan også brukast som prøverom når Barmen skal få seg si eiga jakke.
Som ein del av profileringa av øya Barmøy bygdelag kjøper inn ei jakke med logoen til Barmen på brystet og overarmen.
For å finne rett storleik og fasong må ein sjølvsagt få prøve jakka på førehand.
– No kan dei som er interessert prøve jakka på ferja. Der er no både herre- og damejakker i fleire storleikar, opplyser bygdelaget.
Søndag 1. september arrangerer Barmøy bygdelag Opplev sjarmen med Barmen. I samband med det skal øyfolket og andre som er glad i Barmen kle seg opp med Barmen-jakka.
Foto: Håvar Fagerli
Dei som er interessert i meir informasjon om sjølve jakka kan ta kontakt med Håvar Fagerli på e-post eller lese meir på denne lenka.
Heile samfunnet på Barmen har eit veldig godt samarbeid med ferja og reiarlaget Vidar Hop Skyssbåter AS, og det er flott at ferja også kan tene som prøvrom fram til 26. juni.
Igor og resten av mannskapet på ferja «Barmen» vil hjelpe deg med å finne ei Barmen-jakke som passar deg. Foto: Håvar Fagerli