Merci beaucoup, Tove og Tor Ivar!

Merci beaucoup, Tove og Tor Ivar!

Merci beaucoup, fantastiske Tove og Tor Ivar!

Image link

Tove og Tor Ivar med hovudretten pot-au-feu. Foto: Håvar Fagerli

Du treng ikkje reise til Frankrike for å oppleve fransk matkunst. Det fekk dei 38 gjestene oppleve då  Tove og Tor Ivar serverte fransk festmiddag i Barmøy grendahus. 

Laurdag 8. juni 2024 var det fransk helaften på Barmen. Det heile starta med at Bygdekinoen som viste mat- og kjæleiksfilmen Pot-au-feu. Barmøy grendahus var pynta frå topp til tå med franske flagg, og det vart ei heil spesiell atmosfære.

Roar i Bygdekinoen snurra filmen, og opplevinga må vel vere å rekne som 4D, sidan fleire sansar vart aktivert. Matkunst på kinolerretet kombinert med herlege lukter av franske rettar frå kjøkenet i grendehuset.

Etter filmen ønskte Tor Ivar og Tove velkomen til ein tre rettar fransk festmiddag. Sjølvsagt med pot-au-feu som hovudrett. Til forrett vart det servert vol-au-vent og til dessert fekk vi omelette norvégienne.

God stemning, god film, godt vertskap, god vin, godt selskap og fantastisk god mat! Tusen takk for denne opplevinga, Tove og Tor Ivar.

Sjå bilda frå denne laurdagen som var heilt fantastique!

Image link

Kinofilmen Pot-au-feu handlar om den renommerte kokken Dodin Bouffant som i eit idyllisk, landlig Sør-Frankrike på slutten av 1800-tallet lagarr dei mest fantastiske matrettar. Foto: Håvar Fagerli

Image link

Roar Bakke i Bygdekinoen er ein helt som har levert kino til Barmen og mange fleire bygder i lang tid. Foto: Håvar Fagerli

Image link

Vi er veldig glad i Kino-Roar og Bygdekinoen. Foto: Håvar Fagerli

Her kan du sjå ein smakebit frå kinofilmen Potaufeu – Veien til hjertet.

Image link

Kristianne og Tor Ivar gjer klar baren til tørste kinogjengarar kjem ut av «kinosalen» i grendehuset. Foto: Håvar Fagerli

Image link

Med alpeluene på er Tor Ivar og Kristianne klar til å starte serveringa av dei 38 gjestene. Foto: Håvar Fagerli

Image link

Men først ein leksjon i fransk kultur og historie ved den franske veggen i gangen.  Foto: Håvar Fagerli

Image link

Tove og Tor Ivar gjer klar forretten ,vol-au-vent, på kjøkenet. Foto: Håvar Fagerli

Image link

Oppstilling av forretten. Foto: Håvar Fagerli

Image link

Med Tove ved grytene blir det suksess. Foto: Håvar Fagerli

Image link

Tor Ivar gir publikum ei innføring i fransk historie og informerer om munnleg eksmamen etter desserten. Foto: Håvar Fagerli

Annonse:

Image link

Ta turen til Barmen 1. september 2024! Trykk på bildet og les meir.

Image link

Bordpynten viste seg å vere til god hjelp under eksamen som venta etter desserten. Foto: Håvar Fagerli

Image link

Mellom kinoen og festmiddagen fekk alle eit triveleg friminutt. Foto: Håvar Fagerli

Image link

God stemning og kø i baren før middag. Foto: Håvar Fagerli

Image link

Kinosalen vart gjort om til ein fransk restaurant. Foto: Håvar Fagerli

Image link

Tor Ivar, Tove og Kristianne sytte for god stemning allereie før første rett vart servert. Foto: Håvar Fagerli

Image link

Tove på veg inn med forretten. Foto: Håvar Fagerli

Image link

Tor Ivar med målretta kurs mot eit bord som ventar spent på første rett. Foto: Håvar Fagerli

Image link

Servitør Kristianne i aksjon. Foto: Håvar Fagerli

Image link

Vol-au-vent med skalldyr. Foto: Håvar Fagerli

Image link

Dei 38 gjestene var fordelt på fire bord. Foto: Håvar Fagerli

Image link

Tor Ivar legg siste hand på hovudretten pot-au-feu.  Foto: Håvar Fagerli

Image link

Pot-au-feu klar til servering.  Foto: Håvar Fagerli

Image link

Tove og Tor Ivar med pot-au-feu. Foto: Håvar Fagerli

Image link

God fransk vin høyrer med. Foto: Håvar Fagerli

Image link

Omelette norvégienne blir kalla for fransk isbombe. Foto: Håvar Fagerli

Image link

Omelette norvégienne. Foto: Håvar Fagerli

Image link

Gjestene var ikkje tunge å be når desserten vart servert. Foto: Håvar Fagerli

Image link

Ein treng ikkje alltid reise langt ut i verda for dei store opplevingane. Av og til kan dei beste minna lagast i eit lokalt grendahus på ei øy. Foto: Håvar Fagerli

Image link

Vel blåst, Tove og Tor Ivar. Merci beaucoup! Foto: Håvar Fagerli

Relaterte innlegg