Opplev sjarmen med Barmen

Opplev sjarmen med Barmen

Vi køyrer og guidar deg rundt på heile den spennande øya

Image link

Foto: Håvar Fagerli

Barmen må opplevast! Søndag 1. september legg vi opp til eit heilt unikt arrangement på øya vår.

Søndag 1. september kan du verkeleg oppleve sjarmen med Barmen.

Det einaste du treng å gjere er å møte opp på Barmsund ferjekai. Ferja tek deg gratis over til den spennande og sjarmerande øya vår.

Ferjereisa er ei fantasisk oppleving i seg sjølv, og vi tek godt vare på deg allereie når du kjem om bord. På Barmen ventar lokale guidar som viser deg vegen vidare.

Det er lagt godt til rette for dei som vil nyte den fantasiske naturen og bruke beina eller sykkel på øya. Vi stiller også med guidar med bilar som køyrer deg rundt på øya og til alle aktivitetane. All transport og guiding er sjølvsagt heilt gratis.

Det er sett opp fleire ekstraturar med ferja, så alle skal kome seg trygt både fram og tilbake når det passar for kvar enkelt. Sjølv om du er i bryllaup i Geiranger dagen før, har vi lagt opp til at du likevel kan kome deg til Barmen søndag 1. september.

Det viktigaste no er at du set av dagen, og legg 1. september inn i kalendaren.

Dette må du ikkje gå glipp av!

P.S. Du er sjølvsagt alltid velkomen til Barmen. Så ta gjerne turen både før og etter 1. september også.

Velkomen til Barmen!

Relaterte innlegg