Gjentok suksessen frå i fjor – strålande feiring også i år

Gjentok suksessen frå i fjor – strålande feiring også i år

Gjentok suksessen frå i fjor - strålande feiring også i år

Image link

Her er 17. matoget i fint driv framover med Daniel og Kristianne i front. (Foto: Håvar Fagerli)

Det vart ei strålande fin feiring av nasjonaldagen 2024 i grendehuset.

Nemda tok utgangspunkt i suksessoppskrifta frå 2023, og med det vart det ei svært vellukka feiring.

Vêret var varmt, men akkurat då toget skulle ut å gå kom det ein sval vind som både fekk liv i flagga og fekk ned temperaturen. Korpset spelte feilfritt frå den berbare høgtalaren og ingen gjekk seg bort. Nemda kan med det sjå tilbake på eit 100% vellukka 17. mai-tog.

Etter vel gjennomført tog samla festlyden seg framfor grendehuset for fotografering.

Image link

Ein flott bukett som feira nasjonaldagen saman i grendehudet 17. mai 2024. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Barmøy grendehus var pynta både ute og inne. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Songheftet var på plass. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

For mange er dette høgdepunktet, men først var det tale, tog og mat. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Kariann leia festen og heldt tale for dagen. Ho hadde leita fram 17. mai-talen ho skreiv som elev i 1995, og det vart ein suksess i 2024. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Fotografering er ein sentral del av 17. mai-feiringa. Her er det like før toget stiller seg opp. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

I år var det 02-kullet på øya som fekk æra av å vere flaggborg. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Daniel og Kristianne gjorde ein god jobb i front av toget. Her blir det lagt opp ein strategi for snuoperasjonen lenger framme i vegen. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Truls var eit populært fotomotiv i sin flotte bunad. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

På øya har vi fleire roller, og fotomodellen er også fotograf. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Toget i fint driv framover mot Storesvingen. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Flaggborga førte toget trygt framover. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Toget greidde svingen heilt fint, og er her på veg tilbake til grendehuset. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Hedvig bar med seg korpset heile vegen. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Fedrelandssalmen før matgildet i grendehuset. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Matbordet var rikt, variert og svært velsmakande. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Takk for alle gode bidrag til den fantastiske buffetten. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Fata vart for små då fotografen møtte ein så rikhaldig buffet. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

God stemning rundt matbordet. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

I billetten var fri bar inkludert. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Ei ordning som fungerer fett. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Etter mat var det tid for konkurransar. Her blir det truleg snakka strategisk før ei startar på tevlingane. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Kristin kjempa heilt i toppen i den spennande skytekonkurransen. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Terese sikta seg inn med pilene. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Tor og Svein i aksjon på skytebana. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Midt i blinken. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Hanne Marie passa på at alle fekk alt dei ville av is, brus og pølser. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Kristianne var godt førnøgd. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Ein kunne treffe mange kjente på skytebana denne dagen. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Det var mykje god skyting, og det måtte omskyting til for å kåre ein vinnar. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Pilkast og god prat ved borda. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Kor mange erter er det i glaset? Veldig mange. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Det var hard konkurranse om premiane som var gøymt bak sceneteppet. (Foto: Håvar Fagerli)

Relaterte innlegg