Har vore i beredskap i 30 år – fekk takk frå bygdelaget

Har vore i beredskap i 30 år – fekk takk frå bygdelaget

Torbjørn har stått 30 år i brøyteberedskap for Barmen

Image link

Torbjørn fekk velfortent takk frå Barmøy bygdelag ved leiar Hanne Marie Utvær.  Foto: Barmøy bygdelag

barmen.no: Håvar Fagerli

Vinteren 2024 hadde Torbjørn Solvåg si siste brøytevakt på Barmen. Under juletrefesten jula 2024 vart Torbjørn heidra etter heile 30 vintrar som snøryddar på øya. 

Torbjørn Solvåg har sytt for trygge og godt framkomelege vegar på Barmen, heile døgnet, kvar einaste vinter i heile 30 år.

Leiar i Barmøy bygdelag, Hanne Marie Utvær, takka Torbjørn for ein stor innsats med snøryddinga, strøinga og beredskapen gjennom 30 vintrar.

– Brøytinga er viktig for å kome seg fram, og i alle fall i desse juletrefesttider når nissen skal fram. Og det er no litt ekstra spennande i år med ny brøytevakt, sa Hanne Marie.

Og nissen, eller nissane, kom seg fram også i år med ny brøytevakt.

Image link

Dei to nissane. Foto: Barmøy bygdelag

– Torbjørn har gjort ein veldig god innsats med å halde vegane opne om vinteren. Han har også gjort mykje meir arbeid med vintervedlikehald av vegane enn det som han har vore pliktig å gjere, sa Hanne Marie Utvær.

Som takk for innsatsen fekk Torbjørn blomar, vestlandske varer frå Vinmonoplet og ein tursjokolade.

Image link

Ein av dei mange brøytrundene Torbjørn har hatt rundt på øya. Her frå ei runde i 2013. Foto: Barmøy bygdelag

Relaterte innlegg