No skal det byggast ny ferjekai

No skal det byggast ny ferjekai

No skal det byggast ny ferjekai

Image link

Foto: Håvar Fagerli

I samband med med bygging av ny tilleggskai på Barmen ferjekai, vil ferjekaia vere stengt for ferjetrafikk frå måndag 19. juni – søndag 25. juni (veke 25).

Det vil av den grunn ikkje vere mogleg med biltrafikk i denne perioden. Passasjerbåt vil gå fra båthavna vest for ferjekaia («Torshavn») til vanleg rutetid, melder Vestland fylkeskommune.

Siste ordinære ferjeavgang blir søndag 18. juni med avgang frå Barmen kl. 21.05 og frå Barmsundet kl. 21.30.

Her kan du få meir informasjon rutetider til passasjerbåten

Arbeid med ny kai

Dagens tilleggskai er i for dårleg stand, og den skal no bli erstatta av ein ny kai. Dette betyr at dagens kai skal rivast, og ny kai skal få betongdekke som står på peler av stål i sjøen.

I anleggsperioden vil det bli etablert ei midlertidig fendring som skal støtte ferja under byggearbeida.

Relaterte innlegg