Ferjebiblioteket er i drift igjen

Ferjebiblioteket er i drift igjen

Ferjebiblioteket er i drift igjen - no på MF Barmen

Image link

Leiar i bygdelaget, Hanne Marie Utvær, framfor ferjebiblioteket. Foto: Håvar Fagerli

Gamleferja «Barmøy» hadde sitt eige ferjebibliotek, og no har også nyeferja «Barmen» fått sitt eige bibliotek. 

– Her kan du finne deg ei bok, levere inn bøker du vil dele med andre, eller berre behalde boka om du likar ho, står det i innstruksen i det sjølvbetjente biblioteket på ferja.

Det er bygdelaget som administrerer det vesle biblioteket, og leiaren i bygdelaget seier at dei no i oppstarten har fått tak i ein del bøker med Stad bibliotek avdeling Selje.

Ordninga med ferjebibliotek vart innført for fleire år sidan, då på ferja «Barmøy». Dette vart lagt merke til av reiarlaget som bygde den nye ferja, og Barmen vart derfor utstyrt med to bokhyller i salongen.

No er det bøker i hyllene, og ferjebiblioteket er i drift.

Image link

Ferjebiblioteket på MF Barmen. Foto: Håvar Fagerli

Image link

Instruksen for Ferjebiblioteket på MF Barmen. Foto: Håvar Fagerli

Relaterte innlegg