Ferja er innstilt 21. og 22. oktober - Det blir IKKJE sett inn anna transport
Ferjesambandet Barmen-Barmsund blir heilt stengt måndag 21. oktober og tysdag 22. oktober. Foto: Håvar Fagerli
På grunn av tekniske problem med EL-ferja «Barmen» og varsel om svært sterk vind, vil ferja vere innstilt måndag 21. og tysdag 22. oktober.
Ferja har i lengre tid vore på verkstad, og går berre for halv motokraft. Dette gjer at Vidar Hop Skyssbåter AS vel å instille ferja dei dagane det er meldt om mest vind.
– Det blir IKKJE sett inn erstatningsferje eller passasjerbåt dei to dagane, seier Tor Ivar Østreng i Vidar Hop Skyssbåter AS.
Om det oppstår naudstilfelle, kan ein ringe ferjetelefonen på telefonnummer 911 89 343.
– Vi beklagar så mykje, og vil kome med oppdateringar om status etter kvart, seier Tor Ivar Østreng til barmen.no.
Ferja er tilbake i ordinær drift frå og med onsdag 23.10.2024.