MF Barmen: – VHF-anlegget til ferja kan brukast for å kontakte naudetatane
Foto: Håvar Fagerli
I samband med at det er sendt ut ekstremvarsel for mykje vind onsdag 31.01.2024 kjem Vidar Hop Skyssbåter AS ut med ei melding til alle på Barmen.
– Det er meldt ekstremvêr onsdag 31. januar, og det er mogleg at mobilnettet fell ut. Dersom du har behov for å kome i kontakt med naudetatane, og mobilnettet er ute, kan dette då gjerast via VHF-anlegget på ferja, seier Tor Ivar Østreng i Vidar Hop Skyssbåter AS.
Om det er behov for å bruke VHF-anlegget, kan ein ta kontakt eller oppsøke ferjemannskapet (Bjørn, Igor, Stig eller Tor Ivar).
– Ferjemannskapet vil då hjelpe deg.