SAU og KONVOI kjem til Barmen

SAU og KONVOI kjem til Barmen

SAU og KONVOI kjem til Barmen

Image link

Både folk og fe gler seg til kino i grendehuset 9. mars. Foto: Håvar Fagerli

Det blir kino i Barmøy grendehus laurdag 9. mars. Også denne gongen med kafe og sal av varm mat mellom filmane.

Kinodagen på Barmen startar med filmen SAU klokka 14.15. (Ferje frå Barmsund klokka 13.30).

Dokumentarfilmen SAU handlar om eit småbruk i Nordland som er inne i eit generasjonsskifte. Til stor glede for mange handlar filmen også mykje om sau.

Ein smakebit av SAU:

Etter filmen Sau blir der kiosk og kafe med sal av varm mat.

Klokka 17.00 er det storfilmen KONVOI som blir vist i grendehuset. KONVOI er inpisrert av verkelege hendingar og handlar om eit av dei største drama  som fann stad på havet under andre verdenskrig.

Om du ikkje rakk Sau, kan du likevel rekke KONVOI med ferja klokka 16.30 frå Barmsund. Det går ferje tilbake til fatlandet etter filmen.

Smakebit frå KONVOI:

Image link
Relaterte innlegg