Skal reinske grøfter og oppgradere møteplassar
Stad kommune skal i veke 17 reinske grøfer og utbetre møteplassar mellom ferjeleiet og Fjellet. Foto: Håvar Fagerli
I veke 17 skal Stad kommune reinske grøfter og kantar langs vegen mellom ferjeleiet og Fjellet. Dei skal også utbetre fleire møteplassar.
Det er Fjordenes Tidende som melder dette.
Prosjektleiar i Stad kommune, Jonfinn Hole, seier til Fjordenes Tidende at det er på høg tid at det blir gjort noko med vegane på Barmen.
– Eg vil tru det er femten år sidan sist, så det gror igjen. Det største problemet er at vatn kjem inn i vegbana. Det er ikkje lenge sidan det blei lagt ny asfalt, og då er det dårleg butikk å la vêr og vatn øydelegge vegen før vi har utnytta levetida på den, seier han til Fjordenes Tidende.
Stad kommune skal også utbetre tre møteplassar og lage ein ny.
– Der er tre slike møteplassar frå før, men desse har til dels grodd igjen og er derfor ikkje brukande på ein skikkeleg måte. Så dei skal vi ruste opp. I tillegg kjem vi til å lage ein ny møteplass i ein av svingane slik at ein slepp å rygge tilbake gjennom mange svingar for å sleppe gjennom bilar, seier Jonfinn Hole til Fjordenes Tidende.
Om arbeidet fører til stenging av vegen, vil det kome meir informasjon om dette på barmen.no.