8. juni kan du både sjå og smake Pot-au-feu

8. juni kan du både sjå og smake Pot-au-feu

8. juni kan du både sjå og smake pot-au-feu

Image link

Bilde frå filmen Pot-au-feu som blir vist i Barmøy grendehus laurdag 8. juni klokka 14.00.

Laurdag 8. juni kan få ei stor oppleving i grendehuset på Barmen. Her får du servert både filmen Pot-au-feu og retten pot-au-feu.

Arrangementet startar med at Bygdekinoen viser mat- og kjærleiksfilmen Pot-au-feu, Veien til hjertet i Barmøy Grendahus. Kinoframsyninga startar klokka 14.00.

Det passar då å ta ferja klokka 13.30 frå fastlandet. Ferja er gratis, og de kan sjå meir om ferjerutene her. Det blir som vanleg sett opp ekstraferje tilbake til fastlandet når filmen er ferdig.

For å gjere opplevinga komplett vil Tove og Tor Ivar servere eit tre-rettars måltid etter filmen, inspirert av maten som blir laga i filmen. Festmiddagen startar klokka 17.00.

Hovudretten blir sjølvsagt den franske klassikaren pot-au-feu, som er ei grønskas- og kjøtgryte.

– Vi har plass til 40 gjester til middagen, så ver tidleg ute med å bestille plass, seier Tove og Tor Ivar.

Du kan booke plass til middagen med å sende ein SMS til Tove (913 34 112) eller Tor Ivar (911 36 294).

Prisen for heile tre-rettaren er kr. 450,- og må betalast på Vipps.

Det blir også høve til å kjøpe øl og vin til middagen.

Billettar til filmen kjøper ein av Bygdekinoen.

Her kan du lese meir om filmen som blir vist i Barmøy grendehus laurdag 8. juni klokka 14.00.

Image link
Relaterte innlegg