Barmen sentral i musikkvideo
Solnedgang frå Bruna er siste scnea i musikkvideoen. Foto: Håvar Fagerli
Barmen spelar ei sentral rolle i musikkvideon til låten «På ei øy» av artisten Line Dybedal.
Låten «På ei øy» og musikkvideoen vart lansert i april 2019, og då passar det fint å ta denne fram igjen når det snart er femårsjubileum.
Musikkvideoen er sett saman av videosnuttar filma av lokale fortografar i ytre Nordfjord, og fleire av scenene er frå Barmen.
– Låta er skriven som ei kjærleiksvise til Vestlandet, veiret, folka, kulturen, naturen; alt som er grunnar for at vi vil bu nettopp her, seier Line Dybedal på si eiga Facebook-side.
Dronevideo frå Ekrane er ei av scenene som er med. Foto: Håvar Fagerli
Då er det berre å nyte «På ei øy» av Line Dybedal: