Inviterer til feiring av nasjonaldagen
Foto: Håvar Fagerli
Barmøy bygdelag inviterer til feiring av nasjonaldagen i grendahuset 17. mai kl. 12:30.
Det blir tog, leikar, stafettar, sekkeløp, fine premiar, kaffi, brus, kaker, is og pølser. Ta gjerne med eit fat med mat til felles matbord.
– Vi tek ein inngangsbillett på 150,- då som de kan vinne ein fin gevinst på, i tillegg dekkjer summen alt de vil ete og drikke, tre runder pilkast, tre runder hesteskokast og 3 runder skyting og andre leikar. For 150,- ekstra får ein tre runder ekstra på hesteskokast, pilkast og skyting, opplyser BArmøy bygdelag.
Born i småskulealder går gratis.
Velkomen til årets 17.mai feiring på Barmen!