Lovar eit rikhaldig program som passar for alle
Tor Ivar Østreng er prosjektleiar for Opplev Sjarmen med Barmen. Foto: Håvar Fagerli
Prosjektleiar for Opplev sjarmen med Barmen, Tor Ivar Østreng, gler seg over å presentere eit rikhaldig og spennande program.
Opplev sjarmen med Barmen 1. september er eit arrangement for alle menneske i alle aldrar. Arrangørane legg opp til at alle skal kjenne seg inkludert, både om ein kjem åleine, som par, som ein gjeng eller som ein familie. Alle er velkomne til Barmen!
Ferjeturen med EL-ferja Barmen tek cirka ti minutt. Foto: Håvar Fagerli
Fleire ekstraferjer
– Det blir fleire ekstra ferjeavgangar mellom Barmen og fastlandet under arrangementet, og vi legg opp til at alle skal kunne finne ein ferjeavgang som passar den enkelte, seier Tor Ivar Østreng.
Ferja vil gå fram og tilbake mellom øya og fastlandet om lag ein gong i timen under arrangementet. Du finn fullstendig oppsett av ferjetider på barmen.no.
Overfarten med EL-ferja Barmen er ei fin oppleving i seg sjølv. Foto: Håvar Fagerli
Ferjereisa med den moderne og elektriske ferja «Barmen» er ei fin oppleving i seg sjølv, og ferjemannskapet og guidar vil stå til teneste med informasjon under ferjeturen, både fram og tilbake.
Ferjeturen mellom Barmsund og Barmen tek cirka ti minutt.
Vertane blir godt synelege og står klare til å guide deg og gje deg ein flott dag på Barmen. Foto: Håvar Fagerli
Aktivitetsløype
Hovudbasen for arrangementet blir i Barmøy Grendahus ved Fjellvatnet, litt over tre kilometer frå ferjekaia.
Barmøy Grendahus ligg fint til ved Fjellvatnet. Foto: Håvar Fagerli
Det skal vere godt med parkeringsplassar ved begge ferjekaiene, både på fastlandet og på Barmen.
– Vi vil også kunne tilby transport mellom ferja og Barmøy Grendahus for dei som har behov for det, seier Tor Ivar.
Om nokon er avhengig av å ta med eigen bil opp til Barmøy Grendahus, er det berre å seie ifrå om dette til guidane på ferjekaia.
Matservering
Under heile arrangementet held Grendahuskaféen ope med eit rikhaldig utval av kaker, sveler og bakevarer. I tillegg kan ein også kjøpe kaffi, te, saft og is.
Grendahuskaféen held ope under heile arrangementet. Foto: Håvar Fagerli
– Frå klokka 13.00 kan ein også kjøpe seg middagsbuffé i Grendahuskaféen. Middagsbuffén består av middelhavsgryte med lam, fritert torsk med pestopoteter, fisketaco, vegetarlasagne, brød og grønn salat, seier Tove Måløy, som er ansvarleg for matserveringa under arrangementet.
Tove Måløy og resten av kjøkengjengen vil servere ein rikhaldig meny under Opplev sjarmen med Barmen. Foto: Håvar Fagerli
Rettane kan også kjøpe som gluten-/ og laktosefrie alternativ.
Sjølv om matrettane ein kan kjøpe i Grendahuskaféen er svært billig, kan ein også sjølvsagt nyte medbrakt niste om ein heller vil det. Det er også lagt opp til grilling ved Barmøy Grendahus for dei som vil grille medbrakt mat.
Under Opplev sjarmen med Barmen kan du treffe blink. Foto: Håvar Fagerli
Fisking, roing, leikar
Ved Barmøy Grendahus blir det lagt opp til fleire aktivitetar og leikar, for både vaksne og born. Her er det som med alle aktivitetar under Opplev sjarmen med Barmen, at det er frivillig å delta. Her kan ein gjere det ein har lyst til, også sitte i ro og fred.
Det blir godt med sitteplassar, både ute og innandørs, og der kan ein nyte både medbrakt mat, eigen grillmat og mat frå Grendahuskaféen.
Under Opplev sjarmen med Barmen kan du få låne både robåt og kajakk til bruk på Fjellvatnet. Foto: Håvar Fagerli
For dei som vil prøve fiskelukka i Fjellvatnet, blir det arrangert fiskekonkurranse med premie.
– Her kan ein fiske med både makk og sluk, og det er mogleg å låne fiskestenger, seier Tor Ivar,
Gjestene kan også låne robåtar og kajakkar, og ta seg ein tur rundt på det fine Fjellvatnet ved Barmøy Grendahus.
– Vi har stort fokus på tryggleik ser til at alle brukar redningsvest eller flytevest. Vi lånar sjølvsagt også ut redningsvestar og flytevestar, seier Tor Ivar.
Opplevingsløype rundt Fjellvatnet
Turen rundt Fjellvatnet er ei fin runde på 2,5 kilometer. Langs ruta vil det vere ulike postar med informasjon, oppgåver og aktivitetar.
Runda rundt Fjellvatnet kan ein gå med guide til faste tidspunkt eller ein kan gå runda på eiga hand.
Foto: Håvar Fagerli
Første posten på turen er ei vandring gjennom sauebeitet der ein kan bli betre kjent med saueflokken på Fjellet som har si eiga nettside, sauen.no.
Dei som deltek på runda saman med sauebonden (faste tidspunkt) vil få ei innføring om sauedrifta i dag og få mate og klappe på sauene om ein vil det. Turen går gjennom eit kulturlandskap som på midten av 1900-talet kvalifiserte til to eksemplar av Kongens fortenestemedalje for jordrydding.
Turen går vidare rundt Fjellvatnet med fleire postar og innlagt utsynspunkt rett ut mot det mektige Stadhavet.
Guida fjelltur til Skjolden
For dei som vil ha endå meir spektakulær utsikt kan få ein guida fjelltur til det høgste punktet på øya, Skjolden (545 m.o.h.)
Skjolden (545 m.o.h.) er det høgste punktet på Barmen. Foto: Håvar Fagerli
Den guida fjellturen startar på Kåsabakkjen (161 m.o.h.) klokka 11.30.
Det er lagt opp til ein rundtur som først går i noko bratt terreng opp til Skjolden (545 m.o.h.), vidare til Branden og ned mot Loksvika med fint utsyn mot havet. Turen endar med Barmøy Grendahus (85 m.o .h.).
Frå Skjolden (545 m.o.h.) får ein mykje utsikt pr. høgdemeter. Foto: Håvar Fagerli
For nokre år sidan fekk øybuarane på Barmen besøk av kommunestyret. Lokalpolitikarane gav utrykk for at dei vart då overraska over kor stor øya var og kor mykje aktivitet som var på øya. Håvar Fagerli laga då nokre dronevideoar om dei ulike bygdene på øya og fjelltoppen Skjolden:
Guida biltur til Vikja og Røyset
På øya er det fire bygder, Barmen (ved ferjeleiet), Myklebust/Fjellet (ved Fjellvatnet), Røyset (på nordsida av øya) og Svinevik/Vikja (på vestsida av øya).
For at ein skal bli kjent med heile øya er det mogleg å sitte på med guidar som køyrer deg til Røyset og Vikja. Her kan ein få svar på det meste ein lurer på, også kven som bur i dei ulike husa og om det er Internett på øya.
Den guida bilturen vil også stoppe ved spesielle stader, som til dømes ved runesteinen i Røysetstranda som nokon meiner går heilt tilbake til 1.500 år før vår tid.
På turen kan ein også sjå Kråkesteinen: