Mykje utsikt for kvar høgdemeter
Guida fjelltur 1. september klokka 11.30
Skjolden med utsikt utover Stadhalvøya og Stadhavet. Foto: Håvar Fagerli
Skjolden er er det høgste punktet på Barmen med sine 545 meter over havet. Nokon meiner at dette er ein av fjelltoppane der ein får mest utsikt pr. høgdemeter.
Den guida fjellturen under til Skjolden under Opplev sjarmen med Barmen startar på Kåsabakkjen (161 m.o.h.) klokka 11.30.
Skjolden (545 m.o.h.) er det høgste punktet på Barmen. Foto: Håvar Fagerli
Den guida fjellturen startar på Kåsabakkjen (161 m.o.h.) klokka 11.30.
Det er lagt opp til ein rundtur som først går i noko bratt terreng opp til Skjolden (545 m.o.h.), vidare til Branden og ned mot Loksvika med fint utsyn mot havet. Turen endar med Barmøy Grendahus (85 m.o .h.). Om ein heller vil gå tilbake til startpunktet på Kåsabakkjen, kan ein sjølvsagt gjere det.
Kartet over turen er henta frå Opplev Nordfjord (2024). Illustrasjon: Opptur Nordfjord, Selja Forlag.
Vi anbefalar å lese om turen i boka Opptur Nordfjord, utgjeven av Selja forlag i 2024.
I Opptur Nordfjord er turen er gradert som ein raud tur etter DNT-systemet. Om ein skal gå heile løypa tilbake til Kåsbakkjen er turen cirka 6,7 kilmeter. Den samla stigninga for turen er 589 meter.
For nokre år sidan fekk øybuarane på Barmen besøk av kommunestyret. Lokalpolitikarane gav utrykk for at dei vart då overraska over kor stor øya var og kor mykje aktivitet som var på øya. Håvar Fagerli laga då nokre dronevideoar om dei ulike bygdene på øya og fjelltoppen Skjolden:
Her er litt av kva andre skriv om Skjolden: