Inviterer til feiring av 17. mai i Barmøy Grendahus

Frå feiringa av 17. mai 2024. Foto: Håvar Fagerli
Barmøy bygdelag inviterer til 17. mai-feiring klokka 14 i Barmøy Grendahus.
Det blir tog, leikar, stafettar, sekkeløp, fine premiar, kaffi, brus, kaker, is og pølser. Ta gjerne med eit fat med mat til felles matbord.
– Vi tek ein inngangsbillett på 150,- då som de kan vinne ein fin gevinst på, i tillegg dekkjer summen alt de vil ete og drikke, tre runder pilkast, tre runder hesteskokast og 3 runder skyting og andre leikar. For 150,- ekstra får ein tre runder ekstra på hesteskokast, pilkast og skyting, opplyser bygdelaget
Born i småskulealder går gratis.
– Velkomen til feiringa av 17. mai!