Ferja er tilbake i «normal» rutetabell måndag 23. oktober
Ferja kan igjen ha hovudbase i Barmen. Foto: Håvar Fagerli
Ferjekaia nærmar seg ferdig og ferja får igjen nattligge i Barmen. Frå og med måndag 23. oktober er det tilbake til vanleg rutetabell.
Frå og med måndag 23. oktober 2023 gjeld denne rutetabellen for ferjesambandet Barmen-Barmsund:
Det er same rutetabell som før arbeidet med ferjekaia starta, men med følgande endringar:
- 07:20-ferja frå Barmsund (måndag-fredag) er endra til 07:15.
- 07:30-ferja frå Barmen (måndag-fredag) er endra til 07:25.
- 20:10-ferja frå Barmsund (måndag-fredag) er endra til 20:00.
Slik såg det ut då arbeidet starta. Foto: Håvar Fagerli
Den nye kaia 21.10.2023. Foto: Håvar Fagerli