27. juli kan du igjen oppleve sjarmen med Barmen

Vertane blir godt synelege og står klare til å guide deg og gje deg ein flott dag på Barmen. Foto: Håvar Fagerli
Barmøy bygdelag gjentek suksessen frå i fjor, og førebur seg til nytt storinnrykk på øya søndag 27. juli.
– Vi satsar på å gjenta suksessen fra i fjor. Det var faktisk ein kjempesuksess, seier prosjektleiar for Opplev Sjarmen med Barmen, Tor Ivar Østreng, til barmen.no.
Under arrangementet i fjor var heile øya i sving for å gje alle dei besøkande ei god oppleving. Bygdelaget satsar på like godt vêr i år, og lovar eit rikhaldig og spennande program. Heile 240 gjester kom til Barmen under Opplev Sjarmen med Barmen i 2024.

Tor Ivar Østreng er prosjektleiar for Opplev Sjarmen med Barmen. Foto: Håvar Fagerli
Fleire ekstra ferjeavgangar
I fjor vart det løyst 430 passasjerbilletter på ferja, og det var over 60 biler som parkerte ved ferjakaia i Barmsund.
– Det blir fleire ekstra ferjeavgangar mellom Barmen og fastlandet under arrangementet, og vi legg opp til at alle skal kunne finne ein ferjeavgang som passar den enkelte, seier Tor Ivar Østreng.
Du finn fullstendig oppsett av ferjetider på barmen.no.

Ferjeturen med EL-ferja Barmen tek cirka ti minutt. Foto: Håvar Fagerli
Ferjereisa med den moderne og elektriske ferja «Barmen» er ei fin oppleving i seg sjølv, og ferjemannskapet og guidar vil stå til teneste med informasjon under ferjeturen, både fram og tilbake.
Ferjeturen mellom Barmsund og Barmen tek cirka ti minutt.

Overfarten med EL-ferja Barmen er ei fin oppleving i seg sjølv. Foto: Håvar Fagerli
Grendahuset blir hovudbasen
Hovudbasen for arrangementet blir i Barmøy Grendahus ved Fjellvatnet, litt over tre kilometer frå ferjekaia.

Barmøy Grendahus ligg fint til ved Fjellvatnet. Foto: Håvar Fagerli
Sjølv om programmet ikkje er heilt sett endå, kan prosjektleiaren avsløre litt.
– Det blir ulike aktivitetar og guida fjelltur på Skjolden. Vi jobbar med nokre innslag som eg ikkje kan seie noko om endå.
Det blir også i år organisert transport frå ferjekaia og til opp til Barmøy Grendehus.
Meir informasjon kjem etter kvart på barmen.no.

Det vart servert 240 middager under arrangementet i 2024. Foto: Håvar Fagerli
Guida fjelltur til Skjolden
For dei som vil ha endå meir spektakulær utsikt kan få ein guida fjelltur til det høgste punktet på øya, Skjolden (545 m.o.h.)

Det blir guida fjelltur til Skjolden i år også.

Skjolden (545 m.o.h.) er det høgste punktet på Barmen. Foto: Håvar Fagerli

Frå Skjolden (545 m.o.h.) får ein mykje utsikt pr. høgdemeter. Foto: Håvar Fagerli