Opplev sjarmen med Barmen i video og bilde

Middagsbuffeen i Grendahuset var populær. Foto: Håvar Fagerli
Søndag 1. september 2024 kom 240 gjester til øya for å oppleve sjarmen med Barmen.
Heile øya var i sving for å gje gjestene våre ei god oppleving. Den første søndagen i september vart ein nydeleg dag med eit fantastisk fint vêr, og heile 240 glade menneske fann vegen til Barmen.
Tusne takk til alle som tok turen og deltok på Opplev sjarmen med Barmen.
Tusen takk til alle som har sendt oss bilder som vi kan dele her på barmen.no!
Her kjem eit utval av bilde og videoar frå den store dagen!

Førebuing dagen før dagen. Foto: Håvar Fagerli

Meny og bordpynt i grendahuset. Foto: Håvar Fagerli

Motgonstemning på Fjellvatnet som ligg og ventar på storbesøk. Foto: Håvar Fagerli

Tove og Tor Ivar gjer klar kjøkenet. Foto: Håvar Fagerli

Svelesjef Audny testar ut den første svela på campinggjest Harald. Foto: Håvar Fagerli

Grendahuset er dekka og klart til å ta imot storbesøk. Foto: Håvar Fagerli

Skipper Stig på veg til Barmsund med EL-ferja Barmen for å hente dei første gjestene. Foto: Håvar Fagerli

Blå himmel når ferja er på veg bort for å hente første gjengen med gjester. Foto: Håvar Fagerli
Det vart mange ekstraturar for ferja, og ferjemannskapet gjorde ein kjempegod innsats under Opplev sjarmen med Barmen. På kaia vart gjestene møtt av guidar som kunne køyre gjestene vidare til grendahuset.

Nokon av dei som guida og hjelpte publikum å kome seg rundt på øya. Foto: Håvar Fagerli

Mange brukte beina i det fine vêret for å kome seg opp til grendahuset frå ferjekaia. Foto: Åsta Evjen Jørstad

Langs heile ruta møtte gjestene hygglege vertar, som til dømes Astrid og Tone. Foto: Åsta Evjen Jørstad

Her fekk dei både saft og frukt. Foto: Åsta Evjen Jørstad

Det var godt med saft i sola. Foto: Åsta Evjen Jørstad

Fleire sykla under Opplev sjarmen med Barmen. Foto: Åsta Evjen Jørstad

Nokon kom med sykkelvogn. Foto: Åsta Evjen Jørstad

Godt med ei saftpause. Foto: Åsta Evjen Jørstad

Før sykkelturen gjekk vidare opp den bratte bakken. Foto: Åsta Evjen Jørstad

Også lokalavisa tok seg tid til ein stopp på ein av saftstasjonane. Foto: Åsta Evjen Jørstad

Spreke og blide gjester sette pris på å litt servering undervegs. Foto: Åsta Evjen Jørstad

Veldig kjekt at så mange vadle å sette frås eg bilen på fastlandet. Slik såg det ut ved ferjelkaia i Barmsund. Foto: Börje Petterson

Ved Solstien sat Ellen og Magnus. Foto: Hanne Marie Utvær

På Kåsabakkjen kunne ein kaste frisbeegolf. Foto: Hanne Marie Utvær

Terese og Hanne Marie tok imot og serverte på Kåsabakkjen. Foto: Hanne Marie Utvær

Selje Røde Kors Hjelpekorps var på plass under Opplev sjarmen med Barmen. Foto: Håvar Fagerli

Første pasient var fotografen. Foto: Håvar Fagerli

Guida fjelltur til Skjolden.

Ein del av turfølget som deltok på fjellturen til Skjolden.

Nils førebur fiskekonkurransen. Foto: Magne Solvåg-Mathisen

Kø av bilar mot Grendahuset over Kåsabakkjen Foto: Henriette Solvåg-Mathisen

Fleire nytta høvet til å låne båt og fiskestang.

Det vart hektisk på kjøkenet år heile 240 gjester dukka opp, men alle vart mette og kjøkengjengen gjorde ein kjempejobb. Foto: Håvar Fagerli

Tove hadde ansvar for menyen, og med god hjelp frå John vart dei ein suksess. Foto: Håvar Fagerli

Natursti rundt Fjellvatnet. Foto: Håvar Fagerli

På veg rundt Fjellvatnet. Foto: Håvar Fagerli

Guiding av sauebonden gjennom sauebeitet på Fjellet. Foto: Håvar Fagerli

Sauebonden trur han har kontroll. Foto: Arnstein Hersvik

Sauene på Fjellet kom då sauebonden lokka på dei. Foto: Arnstein Hersvik

Utsikt mot Stadlandet og Stadhavet frå runda rundt Fjellvatnet. Foto: Arnstein Hersvik

Under runda rundt Fjellvatnet fekk ein fine naturopplevingar. Foto: Arnstein Hersvik

Det var eit yrande liv rundt Grendahuset ved Fjellvatnet. Foto: Håvar Fagerli

– Tusen takk til alle som kom for å oppleve sjarmen med Barmen saman med oss, jublar arrangørane av dagen. Foto: Håvar Fagerli