Sjarmen med Barmen 2025: - Rikhaldig program med konsert og sterkt kokkelag

Tor Ivar Østreng er prosjektleiar for Opplev Sjarmen med Barmen. Foto: Håvar Fagerli
Øya gjentek suksessen frå i 2024 og tilbyr eit rikhaldig eit rikhaldig og spennande program for Sjarmen med Barmen 27. juli 2025 frå klokka 10.30. I år blir det også minikonsert i Grendahuset og eit endå større kokkelag på kjøkenet.
Prosjektleiar Tor Ivar Østreng seier at Opplev sjarmen med Barmen 27. juli er eit arrangement for alle menneske i alle aldrar. Arrangørane legg opp til at alle skal kjenne seg inkludert, både om ein kjem åleine, som par, som ein gjeng eller som ein familie. Alle er velkomne til Barmen!

Ferjeturen med EL-ferja Barmen tek cirka ti minutt. Foto: Håvar Fagerli
Fleire ekstraferjer
– Det blir fleire ekstra ferjeavgangar mellom Barmen og fastlandet under arrangementet, og vi legg opp til at alle skal kunne finne ein ferjeavgang som passar den enkelte, seier Tor Ivar Østreng.
Ferja vil gå fram og tilbake mellom øya og fastlandet om lag ein gong i timen under arrangementet. Du finn fullstendig oppsett av ferjetider på barmen.no.

Overfarten med EL-ferja Barmen er ei fin oppleving i seg sjølv. Foto: Håvar Fagerli
Ferjereisa med den moderne og elektriske ferja «Barmen» er ei fin oppleving i seg sjølv, og ferjemannskapet og guidar vil stå til teneste med informasjon under ferjeturen, både fram og tilbake.
Ferjeturen mellom Barmsund og Barmen tek cirka ti minutt.

Vertane blir godt synelege og står klare til å guide deg og gje deg ein flott dag på Barmen. Foto: Håvar Fagerli
Aktivitetsløype
Hovudbasen for arrangementet blir i Barmøy Grendahus ved Fjellvatnet, litt over tre kilometer frå ferjekaia.

Barmøy Grendahus ligg fint til ved Fjellvatnet. Foto: Håvar Fagerli
Det skal vere godt med parkeringsplassar ved begge ferjekaiene, både på fastlandet og på Barmen.
– Vi vil også kunne tilby transport mellom ferja og Barmøy Grendahus for dei som har behov for det, seier Tor Ivar.
Om nokon er avhengig av å ta med eigen bil opp til Barmøy Grendahus, er det berre å seie ifrå om dette til guidane på ferjekaia.
Det er også mogleg å låne båtplass i Barmen.
Stort kokkelag
Under heile arrangementet held Grendahuskaféen ope med eit rikhaldig utval av kaker, sveler og bakevarer. I tillegg kan ein også kjøpe kaffi, te, saft og is.

Grendahuskaféen held ope under heile arrangementet. Foto: Håvar Fagerli
– Ein også kjøpe seg middagsbuffé i Grendahuskaféen. Middagsbuffén har både kjøttrett, fiskerett og vegetarrett.
Tor Ivar seier at det blir eit sterkt kokkelag på kjøkenet med kokkane John, Johanna, Hasib og Tove.

Tove Måløy og resten av kjøkengjengen vil servere ein rikhaldig meny under Opplev sjarmen med Barmen. Foto: Håvar Fagerli
Ein kan også sjølvsagt nyte medbrakt niste om ein heller vil det under Sjarmen med Barmen. Det er også lagt opp til grilling ved Barmøy Grendahus for dei som vil grille medbrakt mat.
Fisking, roing, leikar
Ved Barmøy Grendahus blir det lagt opp til fleire aktivitetar og leikar, for både vaksne og born. Her er det som med alle aktivitetar under Opplev sjarmen med Barmen, at det er frivillig å delta. Her kan ein gjere det ein har lyst til, også sitte i ro og fred.
Det blir godt med sitteplassar, både ute og innandørs, og der kan ein nyte både medbrakt mat, eigen grillmat og mat frå Grendahuskaféen.

Under Opplev sjarmen med Barmen kan du få låne robåt til bruk på Fjellvatnet. Foto: Håvar Fagerli
For dei som vil prøve fiskelukka i Fjellvatnet, blir det arrangert fiskekonkurranse med premie.
– Her kan ein fiske med både makk og sluk, og det er mogleg å låne fiskestenger, seier Tor Ivar,
Gjestene kan også låne robåtar, og ta seg ein tur rundt på det fine Fjellvatnet ved Barmøy Grendahus.
– Vi har stort fokus på tryggleik ser til at alle brukar redningsvest eller flytevest. Vi lånar sjølvsagt også ut redningsvestar og flytevestar, seier Tor Ivar.
Opplevingsløype rundt Fjellvatnet
Turen rundt Fjellvatnet er ei fin runde på 2,5 kilometer. Langs ruta vil det vere ulike postar med informasjon, oppgåver og aktivitetar.
Gratis kosert i Grendahuset
Det blir gratis minikonsert i Grendahuset med Maria Bjørkavoll, kjent frå årets The Voice!
Guida fjelltur til Skjolden
For dei som vil ha endå meir spektakulær utsikt kan få ein guida fjelltur til det høgste punktet på øya, Skjolden (545 m.o.h.)

Det blir guida fjelltur til Skjolden i år også.

Skjolden (545 m.o.h.) er det høgste punktet på Barmen. Foto: Håvar Fagerli
Det er lagt opp til ein rundtur som først går i noko bratt terreng opp til Skjolden (545 m.o.h.), vidare til Branden og ned mot Loksvika med fint utsyn mot havet. Turen endar med Barmøy Grendahus (85 m.o .h.).
Grendahuset blir hovudbasen
Hovudbasen for arrangementet blir i Barmøy Grendahus ved Fjellvatnet, litt over tre kilometer frå ferjekaia.

Det vart servert 240 middager under arrangementet i 2024. Foto: Håvar Fagerli
Stor dugnadsinnsats av alle på øya
Prosjektleiar Tor Ivar Østreng seier at Sjarmen med Barmen blir til takka vere alle på øya.
– Følg med i tida framover. Det kjem snart meir informasjon med konkret program og klokkeslett. Ta kontakt på mobil 911 36 294 om du lurer på noko.