Ein konsert som varma

Ein konsert som varma

Ein konsert som varma

Image link

We Met In June og Gunn Kvaale. (Foto: Håvar Fagerli)

Eit fullsett grendehus fekk ei stor og varm konsertoppleving med Gunn Kvaale og We Met In June.

Barmøy grendehus er eit lunt konsertlokale. Og spesielt lunt vart det med nydeleg musikk frå artisten Gunn Kvaale og duoen We Met In June.

– Dette var ei oppleving som varma, og som vi kan leve vidare på, sa ein i publikum etter konserten.

Ferja var fullstappa og nesten alle stolar i grendehuset vart tekne i bruk denne julikvelden. Det var mange, både på øya og fastlandet, som ville få med seg pop-artisten Gunn Kvaale (Gunn Marit Kvåle) og americana-pop duoen We Met In June med Gjest Kvåle og Sara Rose Zadig.

Bestefaren til Gjest og Gunn Marit er vaksen opp på Barmen, og dei har familiehytte på Fjellet.

– Vi kjenner oss heime her, og det var eit varmt publikum som tok imot oss på ein fin måte, sa Gunn Marit, Gjest og Sara etter konserten.

Dei dyktige artistane fekk ståande applaus frå eit begeistra publikum, og måtte spele ekstranummer.

Tusen takk til We Met In June og Gunn Kvaale for ein magisk, samlande og varm konsert i Barmøy grendehus 15. juli 2024!

Onsdag 17. juli kan ein sjå og høyre We Met In June og Gunn Kvaale på Fru Inga.

Image link

Eit forventiningsfullt publikum før konserten. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Klart for konsert med We Met In June og Gunn Kvaale. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Gjest, Gunn og Sara gav publikum ein flott konsert. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Sara i We Met In June. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

We Met In June på scena. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Gjest med ein av mange gode gitarsoloar. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Ta turen til Barmen 1. september!

Image link

Gjest, Gunn og Sara. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Dokumentering frå ståplass. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Gunn Kvaale. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Gunn Kvaale med Gjest på gitar. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Gunn Kvaale med Gjest på gitar. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Alfred Bjørlo dokumenterte også konserten på Barmen. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Gunn og Sara i nydeleg duett. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Nydeleg musikk fanga på mobil. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Stolt bestefar til Gjest og Gunn. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Stolte foreldre på bakerste rad. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Gjest og Gunn. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

We Met In June. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Far til Gjest og Gunn, Inge Ronny Kvåle, var også med på ein av låtane. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Far til Gjest og Gunn, Inge Ronny Kvåle, var også med på ein av låtane. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Ekstranummer. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

I tillegg til nydeleg musikk vart det servert nydelege bollar. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Bestefar Arne, gamletante Velaug og gamletante Audny saman med Gunn Kvaale og We Met In June. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Ta turen til Barmen 1. september!

Relaterte innlegg