Kler seg opp til Sjarmen med Barmen

Kler seg opp til Sjarmen med Barmen

Øya kler seg opp til Sjarmen med Barmen

Image link

Foto: Håvar Fagerli

Arrangørane av Sjarmen av Barmen 1. september er allereie godt synlege med den nye Barmen-jakka.

 

Barmen har no fått si eiga øyjakke med logoen til øya på brystet og høgre overarm. Jakkene vart tatt i bruk i sommar, og det ryktast at dei marineblå jakkene med logoen til Barmen allereie er observert fleire stader på fastlandet.

Marknadsføring av øya

Ideen til  ei eiga Barmen-jakke kom under planlegginga av Sjarmen med Barmen som blir arrangert 1. september, og er ein del av marknadsføringa av øya.

– Vi er stolte av øya vår, og vi vil at fleire skal få opp auga for Barmen. Vi er ikkje så mange som bur på øya, men vi har det fantastisk kjekt saman og her er plass til fleire, seier Håvar Fagerli som er ansvarleg for marknadsføringa til Barmen.

Image link

Håvar Fagerli. Foto: Ellen Synnøve Myklebust Fagerli

Tidlegare i år fekk øya utvikla sin eigen logo og grafiske profil i samarbeid grafisk designar Rebekka Myreseth i Myrseth Design.

– Vi er veldig godt fornøgd med logoen vår som inneheld element frå både profilen til øya og ferja, som er livsnerven vår. All ære til Rebekka for godt utført arbeid her, seier Håvar.

Håvar vil også trekke fram det gode samarbeidet med Ronny Hopland i Jobbpartner Måløy med produksjonen av jakkene.

Image link

Jakkene blir aktivt brukt i kvardagen. Her er Tererse, Ellen Synnøve og Hanne Marie på veg til jobb på fastlandet. (Foto: Hanne Marie Utvær)

Vil vere synlege

Håvar seier at arrangørane vil vere godt synlege når dei tek imot alle gjestane til øya under Sjarmen med Barmen 1. september.

– Under Sjarmen med Barmen vil vertskapet vere uniformert med Barmen-jakke, vestar og T-skjorter med logoen vår. Vi skal ta godt vare på gjestane våre, frå vi tek imot dei i Barmsund heilt  til vi tek farvel på ferjekaia, seier Håvar

Om nokon fleire kan tenke seg ei Barmen-jakke, kan de ta kontakt med Håvar på e-post.

Relaterte innlegg