Inviterer til søndagsmiddag på Barmen

Inviterer til søndagsmiddag på Barmen

Inviterer til søndagsmiddag på Barmen

Image link

Nokon søndagar framover vil Barmøy grendehus ha ope for middagsservering. Første søndagsmiddag blir 15. januar.

Tilbodet er for både fastbuande, hyttefolk og alle andre som vil besøke øya.

Søndag 15. januar blir det servert middag frå klokka 14:00 til 16:30.

På menyen står heilsteikt kalkunfilet med omnsbakte rotgrønsaker og soppsaus. Til dessert får ein sjokoladekake med bær og iskrem og kaffi.

Ta med det du vil drikke sjølv. (Det blir ikkje mogleg å kjøpe brus, vin, øl etc.)

Pris pr. person er kr. 200,-. (Det er berre mogleg å betale med VIPPS. Overskotet går til Barmøy bygdelag).

Påmelding til Tove på SMS til telefon 913 34 112 innan 13. januar. Skriv namn og tal på personar.

Velkomen!

Relaterte innlegg