Inviterer til fysisk og digital basar

Inviterer til fysisk og digital basar

Inviterer til basar i Barmøy Grendahus 6. oktober

Image link

Foto: Håvar Fagerli

Barmøy bygdelag inviterer til den årlege basaren i grendahuset søndag 06. oktober klokka 14.00.

I år òg inviterer vi til både fysisk og digital basar, med høve til å ta lodd frå no og til søndag 06.10. kl 12.

Dei som kjem på basaren kan likevel kjøpe fleire lodd der. Du kan ta lodd ved å sende ein sms til leiar i bygdelaget på tlf 911 02 779, der du skriv kor mange lodd du vil ha og korleis du vil betale.

Dersom du betalar med Vipps må du sende med kvittering på at du har vippsa Barmøy bygdelag. Søk opp Barmøy bygdelag(#128936) på Vipps for å vippse. Dersom du vil betale med kontantar seier du i frå på sms så avtalar vi betaling.

Det kostar kr 10,- pr lodd.

I tillegg til mange fine gevinstar frå bygdefolk, har vi vore så heldige å få sponsa flotte gevinstar frå næringslivet i regionen vår.

Vinnarane vert annonsert på barmen.no vår og på facebooksida vår.

Relaterte innlegg