Tusen takk til alle som deltok på Sjarmen med Barmen

Mange ville oppleve Sjarmen med Barmen, også i 2025.
Søndag 27. juli vart Sjarmen med Barmen arrangert for andre gong. Flott vêr og godt med besøk gjorde sitt til at arrangementet vart vellukka også i 2025.
Heile øya var i sving for å gje gjestene ei god oppleving. Saman med eit svært dyktig lokalt kokkelag, gratiskonsert, kafe, aktivitetar på både land og vatn og mange hyggelige gjester vart det ein flott julidag på Barmen.
Arrangørane vil takke alle som tok turen for å oppleve sjarmen med Barmen 27. juli.
Her er eit lite utval av bilde frå den store dagen!

Mykje aktivitet ved grendahuset.

Konsert med Maria Bjørkevoll.

Maten var også populær.

Kokkelaget.

Ute kunne ein prøve seg på stylter og andre aktivitetar.

Det var også aktivitet på Fjellvatnet.