60 ville feire 90-åringen

60 ville feire 90-åringen

60 ville feire 90-åringen

Image link

Over 60 personar tok turen for å feire Barmøy grendehus sitt 90-års jubileum laurdag 25. november 2023. 

Sjølv om det var litt færre folk til stades på 90-årsfeiringa enn på opningsfesten den 30. september 1933, då om lag 150 møtte, so var det likevel god stemning i det gamle men godt halde grendehuset som ligg på Fjellet, omtrent midt mellom Myklebust og Solvåg på Barmen, skriv Fjordenes Tidende.

Image link

God stemning rundt borda. Bjarne Vetrhus og ordførar i Stad, Sigurd Reksnes (Sp), hadde ein god prat.

I protokollen frå opningsfesten i 1933 står det at det vart servert rømmegraut og anna mat til dei frammøtte. Dette blei gjenteke laurdag.

Etter maten heldt Svein Barmen ein presentasjon om korleis ungdomshuset blei til. Detaljane hadde han funne ved å lese gjennom protokollane til Barmøy ungdomslag frå åra både før og etter 1933.

Under arrangementet las Johan Kroken opp ein prolog som Ella Myklebust skreiv og framførte under opninga av huset i 1933. Denne blei overlevert til grendehuset i glas og ramme frå Bjarne Vetrhus og familien.

Etter dette vart festen avslutta, for då måtte fastlandsfolket rekke siste ferja tilbake. Men øyfolket fortsette festen uti dei små timar, akkurat slik dei ifølge protokollen også gjorde i 1933.

Image link

Kakebordet var ein 90-åring verdig.

Relaterte innlegg