Serverte 40 godt fornøgde middagsgjester

Alle foto: Kariann Myklebust
Det var skikkeleg påskestemning søndag 30.03.25 då om lag 40 personar tok turen til grendahuset på Barmen der Tove og Tor Ivar hadde stelt i stand skikkeleg søndagsmiddag.
På menyen stod sosakjøt med eit godt utval grønsaker attåt, samt himmelsk lapskaus og iskake til dessert.
Dei besøkande var fulle av lovord om både maten og vertskapet.
Tusen takk for maten!



