Populær påskekafé - talde 65 gjester
Foto: Håvar Fagerli
Skjærtorsdag arrangerte bygdelaget påskekafé i grendehuset. Heile 65 personar møtte opp. Bollar, sveler, snittar, kaker og litervis med kaffi gjekk ned på høgkant.
Noko av det som er fint med påska er at nesten alle hytter og hus på Barmen blir fylt opp av glade menneske. Ekstra kjekt er det at så mange då tok turen til grendehuset for eit felles sosialt arrangement.
Tanken til bygdelaget var å lage eit arrangement som samla alle som var på øya i påska.
Det var lagt opp til fleire aktivitetar, både inne og ute. Kristianne hadde laga påskequiz, og vinnaren vil seinare bli annonsert på barmen.no. På loftet var det bordtennisturnering, og ute kunne ein gå på stylter. Her hadde bygdelaget i år sett ei øvre aldersgrense etter erfaringar frå tidlegare påskearrangement. Vi kan melde om at alt gjekk smertefritt føre seg i år.
Tusen takk til alle som var med på å gjere påskekaféen så kjekk. Barmøy bygdelag ønsker alle ei god påske!
God stemning på påskekafé i grendehuset skjærtorsdag. (Foto: Håvar Fagerli)
Kristianne ønskte velkomen og informerte om quiz og servering. (Foto: Håvar Fagerli)
Vinnaren av påskequiz blir annonsert seinare her på barmen.no. (Foto: Håvar Fagerli)
Kjøkenet var i dei beste hender med Johanna på laget. (Foto: Håvar Fagerli)
Hedvig styrte salget og serveringa. (Foto: Håvar Fagerli)
Snittar (skjeve) var eit populært innslag på kafebordet. (Foto: Håvar Fagerli)
Hanne Marie er leiar i bygdelaget og er glad for at så mange tok turen til grendehuset. (Foto: Håvar Fagerli)
Kariann og resten av kjøkengjengen i full sving. (Foto: Håvar Fagerli)
Ingrid Oline var første kunde. (Foto: Håvar Fagerli)
Harald hadde bursdag og feira på påskekafé. Her blir han gratulert av Audny. (Foto: Håvar Fagerli)
Menyen var rikhaldig. (Foto: Håvar Fagerli)
Betalinga gjorde kundane sjølv på Vipps. – Vi stolar på folket, seier Johanna og Kristianne. (Foto: Håvar Fagerli)
På loftet var det bordtennisturnering. (Foto: Håvar Fagerli)
Det gjekk med nokre kanner med kaffi denne dagen i grendehuset. (Foto: Håvar Fagerli)
God stemning rundt borda. (Foto: Håvar Fagerli)
Det var både kake og frukt på menyen. (Foto: Håvar Fagerli)
Solskinsbollar. (Foto: Håvar Fagerli)
Stor spenning under bordtennisturneringa. (Foto: Håvar Fagerli)
Museet var også ope under kafeen. Her ser vi det gamle postskiltet til 6744 Barmen, no 6715 Barmen. (Foto: Håvar Fagerli)
Litt av utstillinga på museet. (Foto: Håvar Fagerli)
Takk for denne gong! (Foto: Håvar Fagerli)
God påske! (Foto: Håvar Fagerli)