Gler seg til å halde konsert på favorittplassen

Gler seg til å halde konsert på favorittplassen

Gler seg til å halde konsert på favorittplassen

Image link

(Foto: David Zadig/Stian Berntsen)

Håvar Fagerli, barmen.no

Måndag 15. juli kjem artistane Gunn Kvaale og We Met In June til Barmøy grendehus. – Vi gler oss, det er vår favorittplass i verda! 

Både Gunn Kvaale og We Met In June har band til Barmen.  Dei inviterer no øyfolk, fastlandsfolk, i alle aldrar til ei fin konsertoppleving i Barmøy grendehus måndag 15. juli klokka 18.00.

– Vi har eit ønske om lage til ei hyggeleg stund på øya, med både bygdefolk, slekt, venner og andre som skulle ha lyst til å ta turen, seier Gunn Marit Kvåle med artistnamnet Gunn Kvaale.

Det blir nesten som ein minifestival å rekne denne julidagen i grendehuset. Med både pop-artisten Gunn Kvaale og americana-pop duoen We Met In June med Gjest Kvåle og Sara Rose Zadig på plakaten.

Bestefar frå Barmen

Bestefaren til Gjest og Gunn Marit er vaksen opp på Barmen, og dei har familiehytte på Fjellet.

Vi har vore Barmen i alle feriar lenge vi kan hugsa. Det er vår favorittplass i verda, seier søskenparet Kvåle frå Sogndal.

Dei seier at blir ei heilt spesiell oppleving å spele i Barmøy grendehus.

– Her har eg så mange gode minner, også frå festar og lag i grendehuset, så sjølvsagt hadde vi lyst til å legge inn Barmøy på turnélista vår i år! Det blir ekstra spesielt for oss å spele her, då vi har ei personleg tilknyting til øya, seier Gunn Marit og Gjest.

Image link

Gunn Kvaale. (Foto: Stian Berntsen)

– Kva type konsert kan publikum forvente seg?

– Det blir ein intim, akustisk, drøymande konsert, der publikum får høyra ein god blanding av både norsk pop frå Gunn Kvaale, og americana-landskapet til We Met In June.

Konsertar med Gunn Kvaale og We Met in June passar for alle, og dei fortel at det også blir sal av kaffi, saft og bollar i grendehuset under konsertane.

Image link

We Met In June(Foto: David Zadig)

Dette arrangementet passar for alle. Vi har eigen billettpris for barn, vi håpar å sjå både store og små der!

Konserttidspunktet er tilpassa ferjerutene. Ein kan til dømes ta ferja til Barmen klokka 17.00 og tilbake til fastlandet klokka 21.20. Sjå ferjerutene her. 

Årets nykommar

I 2022 vart Gunn Kvaale kåra som årets nykommar på Luttprisen. Fleire av låtane til Gunn Kvaale er lista nasjonalt på NRK P1 og NRK P2. Ho har også hatt cover og førsteplass på Spotify-lista Equal i fleire veker.

Til hausten kjem Gunn Kvaale med debutalbumet «Eit fullt møblert hjerte» som blant anna er skrive saman med Emile Hollow. Låtane formidlar ulike sider av kjærleik og livet, alle erfaringar, både gode og dårlege, er med på å forme deg til den du er.

Draumestipendet

We Met In June er eit friskt pust på den norske musikkscena med si drøymande blanding av visepop og Americana. Nykomarane gav ut sin fyrste singel i april 2023 og har sidan spelt konsertar over heile landet, fått tildelt Drømmestipendet og plass i Talent Norge sitt prestisjefylte satsingsprogram «Pop Up».

Duoen består av kjærasteparet Sara Rose Zadig og Gjest Ingeson Kvåle, som med ulike musikalske reiser har skapt sitt eige uttrykk. Musikken deira er både nostalgisk og nyskapande, med tydelege referansar til legendariske Fleetwood Mac, samt moderne countrypop-gigantar som Kacey Musgraves og Taylor Swift.

Debutalbumet LOVING LIVING er ei herleg reise frå start til slutt der duoen formidlar sprudlande kjærleikspop kledd i ei elegant drakt av akustiske gitarar og svevande lydar. Dette albumet stressar ikkje.

Albumet har eit tidlaust, nostalgisk preg og appellerer like mykje til alle aldrar, enten du var ung i 1974 eller i 2024.

Image link
Relaterte innlegg