|
22.03.2012:
Fjellvatnet er stengt for fiske grunna islagde vatn.
Opning blir annonsert på barmen.no
Vi gjer merksam på at det no er ein meir normal bestand av
fisk i Fjellvatnet, mot tidlegare år då det har vore ein unaturleg stor bestand.
Dette skuldast at det ikkje lenger er røming frå oppdrettsanlegg i vatnet. No
er det vanleg brunaure som dominerer i vatnet, mot regnbogeaure tidlegare år. Regnbogeauren
er kjend for å vere glupsk og bite på det meste, og det blir då naturlegvis
litt lenger mellom nappa. Vi håpar at vi med tida skal få opp ein god bestand
av brunaure i Fjellvatnet. Vidare vil vi legge til at Fjellvatnet framleis legg
opp til dei gode naturopplevingane, sjølv om det ikkje er fullt så mange napp som for nokre år sidan.
På vegne av Barmøy grunneigarlag, Håvar Fagerli.
15.03.2012: Fjellvatnet er opna for fiske!
24.05.2010: Det er no observert fiskarar som nyttar reker som agn. Grunneigarlaget vil understreke at det er forbode å nytte alle slags matvarer som agn. Einaste lovlege organiske agn er mark frå Barmen.
Angeln mit Garnelen und Mais sind verboten! Lebensmittel
können nicht als Köder verwendet werden. Danke!
29.04.2010: Grunneigarlaget
informerer om at det er strengt forbode å nytte mais som agn i Fjellvatnet og
Heidavatnet. Grunneigarlaget fortel at mais er tungt fordøyeleg og
unaturleg føde for fisken, i tillegg til at fiske med mais øydelegg for andre
fiskarar som nyttar lovleg agn som mark og sluk. Når det er sagt, vert det meldt
om svært godt fiske i Fjellvatnet. Dei som melder dette har brukt lovleg agn som
mark frå Barmøy, spinnar og sluk. Hjarteleg velkomne til ei god fiskeoppleving -
UTAN mais!
10.04.2010: Fjellvatnet er ope for fiske.
|