FRÅ ARKIVET: Biblioteket måtte bergast

FRÅ ARKIVET: Biblioteket måtte bergast

Image link

Biblioteket måtte bergast

Image link

Foto: Håvar Fagerli

Bokbåten»Epos» fekk laurdag 17. mars 2007 eit utlegg fast i propellane, og måtte ha hjelp av bilferja «Barmøy» for å ikkje drive i fjøresteinane på øya Barmen i Selje.

Skipper om bord på bokbåten «Epos», Stian Rysjedal, seier at dei hadde god kontroll over situasjonen, og at «Barmøy» var komen opp til dei før dei var dramatisk nær land.

Redda av ferja
Børje Pettersson, som er matros på «Barmøy» fortel at dei var over på fastlandssida med ferja då dei vart ropt opp av «Epos» på radioen, som hadde vanskar då den skulle legge til kai ved Barmen.

– Vi fekk melding om at vi måtte kome så fort som mogleg. Då vi kom over til andre sida, fekk vi kasta ut tau til «Epos» slik at den ikkje dreiv i land, fortel Pettersson.

Skipper Stian Rysjedal fortel at det blåste godt imot då «Epos» skulle leggje til land, og at dei ikkje hadde nok fart då dei skulle gå til kai. Han bakka difor for å få meir fart, og den eine propellen hekta då seg fast til tauet på ei blåse.

– Eg prøvde å legge til kai med ein motor, men tauverket hadde hekta seg fast til den andre propellen òg. Eg kontakta då ferja for hjelp. Og då den kom over til oss var vi om lag 15 meter frå land, fortel Stian Rysjedal om bord på «Epos».

«Epos» vart lagt ved sida av «Barmøy». Bilferja tente som flytebryggje for ombordstiging av leselystne barmarar som i 20 minutt hadde vore vitne til at det flytande biblioteket deira hadde vore i fri drift.
Stian Rysjedal seier at dei heldt tidsplanen, sjølv om dei hadde ekstra utfordringar med å kome til land ved Barmen.

Redningsskøyta «R.S. Platou» la seg opp til «Epos», og dykkarar fekk fort fjerna tauet som hadde kila seg i propellane.

Bokbåten «Epos» er det einaste flytande biblioteket i landet, og eit av svært få i verda. Bokbåten er eit samarbeidstiltak mellom fylkesbiblioteka i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland. I Sogn og Fjordane blir 38 stader, fordelt på 13 kommunar, vitja to gonger i året. På kvart stogg er det bokutlån til barn og vaksne. I tillegg vert det vist eit kulturprogram om bord i båten. På denne turen var det Kjersti Skjaker og Elisabeth Helland Larsen med framsyninga «Advarsel».

– Dei som hadde underhaldinga denne gongen fekk stor konkurranse. Ungane ville heller sjå på dykkarane enn å sjå på teateret, ler skipper Stian Rysjedal.

Utvida lånetid
Børje Pettersson , matros på «Barmøy», er sjølv ein ivrig brukar av bokbåten når båten besøkjer Barmen to gongar i året.

Redningsaksjonen gjorde at han ikkje fekk levere dei bøkene han lånte førre gong bokbåten besøkte øya.
Bibliotekaren om bord på «Epos» seier at ein betre grunn for sein levering kunne vel ikkje finnast

Klikk på bildet under for å lese saka i Fjordenes Tidende.

Image link

Saka vart også publisert i lokalavisa. Faksimile frå Fjordenes Tidende.

Relaterte innlegg