Fin feiring av nasjonaldagen i Grendahuset

Fin feiring av nasjonaldagen i Grendahuset

Tradisjonsrik feiring av nasjonaldagen

Image link

Alle samla framfor Barmøy Grendahus. Foto: Kariann Myklebust

Det vart ei tradisjonsrik feiring av 17.mai på Barmen 2025.  

Svein Barmen holdt tale for dagen. Han tok utgangspunkt i frigjeringsjubileet og trakk fram to kvinner frå øya som ikkje fekk den heder dei fortente for innsatsen sin under 2. verdskrigen.  Den eine er Berthe i Røysane og den andre er Bergit i Vikja. Fysisk var dei ytterpunkt, men den rake ryggen og motete hadde dei til felles.  Ho Berthe skjulte to folk frå Gestapo og Bergit holdt tale på jentefesten i Grendahuset der ho snakka okkupasjonsmakta midt i mot og mana til samhald og handling. Begge to utførte djerve handlingar på kvar sin måte.

– Eg har ved fleire høver vore med å dele ut Deltakarmedaljer. Desse fekk ikkje. Det var ikkje so mange kvinner som fekk»   Vi er på nytt blitt mint om at fred og fridom ikkje er sjølvsagt.  Det er difor av umåteleg verdi at vi kles oss til fest, heiser flagget, samlast uavhengig av politisk motsetnader og roper HURRA og festar so vi kjenner det dagen derpå, sa Svein Barmen.

Image link

Svein Barmen heldt tale for dagen.

Image link

Flaggborg.

Image link

Heiagjeng.

Image link

Leik i det fine vêret.

Image link

Hurra!

Image link

Mimring.

Image link

Kiosk.

Relaterte innlegg