Image link

Søndag 1. september vil vi at du tek turen til Barmen for å bli kjent med øya vår. Vi er stolt av og glad i den kjære øya vår, og vil at endå fleire skal få oppleve sjarmen med Barmen!

Velkomen til Barmen 01.09.2024!

Ferja tek deg gratis over til Barmen

Den elektriske ferja «Barmen» som går mellom øya og fastlandet er gratis for både passasjerar og bilar. 1. september er det sett opp ekstra avgangar, og du kan ta ferja frå fastlandet klokka 10.00, 11.00, 12.00 og 13.30. Både ferjemannskapet og guidar vil ta godt imot deg, og gje deg det du treng av informasjon.

Sjå ferjerutene her!

Barmen - større enn du trur!

Image link

Ferjeturen frå fastlandet til Barmen med EL-ferja «Barmen» tek ti minutt. (Foto: Håvar Fagerli)

Du treng ikkje ta med deg bilen!

På ferja og ferjekaia ventar lokale guidar som viser deg vegen vidare.

Det er lagt godt til rette for dei som vil nyte den fantasiske naturen og bruke beina eller sykkel på øya. Vi stiller også med guidar med bilar som køyrer deg rundt på øya og til alle aktivitetane. All transport og guiding er sjølvsagt heilt gratis. Hovudarrangementet blir i grendehuset ved Fjellvatnet.

Dei som treng nytte eigen bil er sjølvsagt velkomen til det.

Sjå ferjerutene her!
Image link

Kontaktinformasjon

Tor Ivar Østreng
Tor Ivar Østreng

Prosjektleiar

Telefon: 911 36 294

Håvar Fagerli
Håvar Fagerli

Informasjon/presse

Telefon: 942 79 790

Ta kontakt for lån av båtplass

Vi har også båtplassar i Barmen, ved ferjekaia, til utlån søndag 1. september.

Om nokon ønsker å kome til Barmen med båt, kan ein ta kontakt for meir informasjon.

Ta kontakt med Tor Ivar Østreng for å gjere avtale om båtplass.

911 36 294

Program

Gratis ferje mellom fastlandet og Barmen

Guida turar rundt på øya.

Kafè i Barmøy grendhus og moglegheit for grilling.

Aktivitetsløyper rundt om på øya.

Møt sauene frå sauen.no

Guida fjellturt til Skjolden (545 m.o.h.)

Middagsbuffet i grendahuset.

Utlån av robåtar og kajakkar på Fjellvatnet.

Fiskekonkurranse

0

Days

0

Hours

0

Minutes

0

Seconds

Grendahuskafé og middagsbuffé

Servering

Guida turar både til fots og i bil rundt heile øya

Aktivitetar ved og Fjellvatnet

Guida tur til «fjelltoppen midt i verda»

Image link
Fjellturen øya gjev deg kjensla å vere absolutt midt i verda , med hav, himmel og fjell alle kantar, skriv Torkjell Djupedal i Opptur Nordfjord om fjellturen til Skjolden (545 m.o.h.).

Møt dei engasjerte sauene frå sauen.no

Eit utval artiklar: