Basar søndag 1. november

Foto: Håvar Fagerli
Barmøy bygdelag inviterer til den årlege basaren med åresal og loddtrekning i grendahuset søndag 1. november klokka 14.00.
Det blir høve til å kjøpe lodd på førehand ved å Vippse til Barmøy bygdelag på nr 128936.
De kan òg kjøpe lodd under basaren. Det kostar kr 10,- pr lodd.
Vi har fått sponsa flotte gevinstar frå næringslivet i regionen vår i år òg, men set stor pris på å få gevinstar frå besøkjande til basaren også.
Ta gjerne med eit fat med mat. Vi serverer kaffi, saft og brus.
Velkomne!
Venleg helsing Barmøy bygdelag



