Sjarmen med Barmen samla nær 200

Sjarmen med Barmen samla nær 200

Sjarmen med Barmen 2026

Image link

Foto: Håvar Fagerli

Søndag 30. august 2026 gjekk den tredje utgåva av Sjarmen med Barmen av stabelen.

Det hadde vore litt diskusjon om ein skulle gjennomføre arrangementet på grunn av bortgangen til kong Harald. Til slutt kom ein fram til at dette var heilt i hans ånd – eit arrangement der folk kunne samlast og vere saman.

I forkant hadde nær 30 frivillige jobba iherdig for å kunne tilby dei besøkande ein innhaldsrik dag. Og innhaldsrik vart han.

Nær 200 personar møtte opp, trass i skodde og nokre regnbyer. Ein var spent på om skodda skulle leggje seg over Skjolden og forkludre heile den guida turen, men ein hadde hellet med seg, og turen vart gjennomført som planlagt.

Image link

Foto: Sjarmen med Barmen

Etter konserten vart salen rigga om til matservering, der Johanna Magdeli Utvær Petterson stod i spissen saman med sine gode medhjelparar. Det vart servert lasagne, surdeigsfocaccia og salat, i tillegg til eit rikhaldig kakebord.

Både før og etter konserten var det aktivitet rundt om på øya. Folk kunne gå natursti rundt vatnet, ro eller prøve fiskelukka. Det var òg høve til å handle mat i kiosken og kjøpe flotte profileringsprodukt med Barmen på – eller «merch», som festivalgjengarane i dugnadsgjengen kalla det.

Image link

Foto: Sjarmen med Barmen

Det kvilte ei roleg atmosfære over øya denne dagen, og det er kanskje nettopp det som gjer heile arrangementet så vellukka. Ein treng ikkje stresse. Ein må ingenting. Du kan kome og berre vere, møte kjentfolk, gå ein tur og ta det litt som det kjem.

Det einaste ein må rekke, er ferja heim att.

Det sørgde dei frivillige sjåførane for. Dei køyrde i skytteltrafikk mellom ferjekaia og grendahuset gjennom dagen.

Gjengen bak Sjarmen med Barmen ønskjer å rette ein stor takk til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, som støtta arrangementet med ei gåve på 10 000 kroner. Det sette vi stor pris på.

Vi vil òg takke JobbPartner i Måløy ved Ronny Hopland for godt samarbeid og støtte til profileringsprodukta. De gjorde ein framifrå jobb i år òg.

Ein stor takk går også til We Met In June og Gunn Kvaale for at dei tok seg tid til å kome til Barmen og underhalde oss. De gjorde dagen ekstra fin for mange.

Vi var dessutan svært heldige som fekk låne telt av Kristi og Bjørn Wold og Odd Magne Brautaset. Det kom godt med då vêrgudane ikkje var heilt på vår side.

Takk til alle som lånte ut båtar og anna utstyr. Takk til dei som laga mat, kaker og anna godt, og til alle som jobba på kjøkkenet og med serveringa. Takk til dei som ordna aktivitetar og pynta, dei som køyrde og guida, dei som klipte gras i forkant og dei som rydda og gjorde øya klar til besøk.

Takk også til Håvar Fagerli for hjelp med informasjonsmateriell og annonsering.

Og sist, men ikkje minst:

Tusen takk til deg som tok turen til Barmen denne dagen og bidrog til at nok eit Sjarmen med Barmen vart ein suksess.

De er hjarteleg velkomne tilbake eit anna år.

Vi gler oss allereie!

Image link

Foto: Sjarmen med Barmen

Image link

Foto: Sjarmen med Barmen

Image link

Foto: Sjarmen med Barmen

Relaterte innlegg