Opplev Sjarmen med Barmen: Gratiskonsert i Grendahuset

We Met In June og Gunn Kvaale stiller opp for Sjarmen med Barmen. Foto: Håvar Fagerli
Gunn Kvaale og We Met In June kjem til Barmen 30.august og gir ein ein gratiskonsert til alle som deltek på Opplev Sjarmen med Barmen.
– Berre kos å stille opp for den finaste øya og dei finaste folka, seier dei rause artistane.
Pop-artisten Gunn Kvaale (Gunn Marit Kvåle) og americana-pop duoen We Met In June med Gjest Kvåle og Sara Rose Zadig kan ein stadig høyre på radio og scener rundt om i landet.
Bestefaren til Gjest og Gunn Marit er vaksen opp på Barmen, og dei har familiehytte på Fjellet.
– Vi kjenner oss heime her, og det var eit varmt publikum som tok imot oss på ein fin måte, sa Gunn Marit, Gjest og Sara då dei hadde konsert i Grendahuset i 2024.
Prosjektleiar for Sjarmen med Barmen, Kristianne Myklebust Fagerli, takkar Gunn Marit Kvåle, Gjest Kvåle og Sara Rose Zadig for at dei stiller opp for Barmen:
– Det er veldig stas at dei tek seg tid til å kome til Barmen denne dagen i ein ellers så hektisk kvardag. Eg er så heldig å kalle dei for både gode vener og god slekt. Eg er veldig stolt av dei og ser veldig fram til konsert med Gunn Kvaale og We Met In June i Grendahuset, seier Kristianne.

We Met In June og Gunn Kvaale stiller opp for Sjarmen med Barmen. Bilde frå konserten i Grendahuset 2024. Foto: Håvar Fagerli

We Met In June og Gunn Kvaale stiller opp for Sjarmen med Barmen. Bilde frå konserten i Grendahuset 2024. Foto: Håvar Fagerli




