Lovar eit rikhaldig program

Lovar eit rikhaldig program

Opplev Sjarmen med Barmen - Lovar eit rikhaldig program som passar for alle

Image link

Kristianne Myklebust Fagerli er prosjektleiar for Opplev Sjarmen med Barmen. Foto: Håvar Fagerli

barmen.no: Håvar Fagerli

Prosjektleiar for Opplev sjarmen med Barmen, Kristianne Myklebust Fagerli, gler seg over å presentere eit rikhaldig og spennande program.

Opplev sjarmen med Barmen 30. august er eit arrangement for alle menneske i alle aldrar. Arrangørane legg opp til at alle skal kjenne seg inkludert, både om ein kjem åleine, som par, som ein gjeng eller som ein familie. Alle er velkomne til Barmen!

Kristianne Myklebust Fagerli (24) tek over prosjektleiaransvaret etter Tor Ivar Østreng som var prosjektleiar i 2024 og 2025.

– Barmen betyr veldig mykje for meg. Det er stas å få vere prosjektleiar for Sjarmen på Barmen. Det er også veldig kjekt at vi i denne generasjonen styrer årets Sjarmen med Barmen, med Johanna Magdeli Petterson Utvær som kjøkensjef og meg som prosjektleiar, seier Kristianne.

Image link

Ferjeturen med EL-ferja Barmen tek cirka ti minutt. Foto: Håvar Fagerli

Fleire ekstraferjer

– Det blir fleire ekstra ferjeavgangar mellom Barmen og fastlandet under arrangementet, og vi legg opp til at alle skal kunne finne ein ferjeavgang som passar den enkelte, seier Kristianne Myklebust Fagerli.

Ferja vil gå fram og tilbake mellom øya og fastlandet om lag ein gong i timen under arrangementet. Du finn fullstendig oppsett av ferjetider på barmen.no.

Image link

Overfarten med EL-ferja Barmen er ei fin oppleving i seg sjølv. Foto: Håvar Fagerli

Ferjereisa med den moderne og elektriske ferja «Barmen» er ei fin oppleving i seg sjølv, og ferjemannskapet og guidar vil stå til teneste med informasjon under ferjeturen, både fram og tilbake.

Ferjeturen mellom Barmsund og Barmen tek cirka ti minutt.

Image link

Vertane blir godt synelege og står klare til å guide deg og gje deg ein flott dag på Barmen. Foto: Håvar Fagerli

Aktivitetsløype

Hovudbasen for arrangementet blir i Barmøy Grendahus ved Fjellvatnet, litt over tre kilometer frå ferjekaia.

Image link

Barmøy Grendahus ligg fint til ved Fjellvatnet. Foto: Håvar Fagerli

Det blir ulike postar og aktivitetar tilpassa både barn og vaksne mellom ferjekaia og Barmøy Grendahus , og vi vil oppmode flest mogleg om å sykle eller denne ruta, seier Kristianne.

Det skal vere godt med parkeringsplassar ved begge ferjekaiene, både på fastlandet og på Barmen.

– Vi vil også kunne tilby transport mellom ferja og Barmøy Grendahus for dei som har behov for det, seier Kristianne.

Om nokon er avhengig av å ta med eigen bil opp til Barmøy Grendahus, er det berre å seie ifrå om dette til guidane på ferjekaia.

Matservering

Under heile arrangementet held Grendahuskaféen ope med eit rikhaldig utval av kaker, sveler og bakevarer. I tillegg kan ein også kjøpe kaffi, te, saft og is.

Image link

Grendahuskaféen held ope under heile arrangementet. Foto: Håvar Fagerli

Image link

Program. Foto: Håvar Fagerli

– Frå klokka 14.00 kan ein også kjøpe seg middagsbuffé i Grendahuskaféen, seier kjøkensjefen,

Image link

Opplev sjarmen med Barmen i 2024. Foto: Håvar Fagerli

Guida fjelltur til Skjolden

For dei som vil ha endå meir spektakulær utsikt kan få ein guida fjelltur til det høgste punktet på øya, Skjolden (545 m.o.h.)

Fjellturen øya gjev deg kjensla å vere absolutt midt i verda , med hav, himmel og fjell alle kantar, skriv Torkjell Djupedal i Opptur Nordfjord om fjellturen til Skjolden.
Image link

Skjolden (545 m.o.h.) er det høgste punktet på Barmen. Foto: Håvar Fagerli

Den guida fjellturen startar på Kåsabakkjen (161 m.o.h.) klokka 11.30.

Det er lagt opp til ein rundtur som først går i noko bratt terreng opp til Skjolden (545 m.o.h.), vidare til Branden og ned mot Loksvika med fint utsyn mot havet. Turen endar med Barmøy Grendahus (85 m.o .h.).

Image link

Frå Skjolden (545 m.o.h.) får ein mykje utsikt pr. høgdemeter. Foto: Håvar Fagerli

For nokre år sidan fekk øybuarane på Barmen besøk av kommunestyret. Lokalpolitikarane gav utrykk for at dei vart då overraska over kor stor øya var og kor mykje aktivitet som var på øya. Håvar Fagerli laga då nokre dronevideoar om dei ulike bygdene på øya og fjelltoppen Skjolden:

Guida biltur til Vikja og Røyset

På øya er det fire bygder, Barmen (ved ferjeleiet), Myklebust/Fjellet (ved Fjellvatnet), Røyset (på nordsida av øya) og Svinevik/Vikja (på vestsida av øya).

For at ein skal bli kjent med heile øya er det mogleg å sitte på med guidar som køyrer deg til Røyset og Vikja. Her kan ein få svar på det meste ein lurer på, også kven som bur i dei ulike husa og om det er Internett på øya.

Den guida bilturen vil også stoppe ved spesielle stader, som til dømes ved runesteinen i Røysetstranda som nokon meiner går heilt tilbake til 1.500 år før vår tid.

Vi ønsker alle hjarteleg velkomne til å oppleve sjarmen med Barmen 30. august, seier prosjektleiar Kristianne Myklebust Fagerli.
Relaterte innlegg