Line inviterer til konsert 20. juni

Line Dybedal held julekonsert i/ved Barmøy Grendahus laurdag 20. juni. Foto: Håvar Fagerli
Laurdag 20. juni kjem sommarstemninga til Barmen med Line Dybedal som held konsert i/ved Grendahuset klokka 17.30.
Bli med inn i eit musikalsk landskap der drøymande melodiar og ektefølte tekstar smeltar saman til noko heilt unikt. Line Dybedal malar sterke og levande bilete med musikken som lerret og teksten som pensel – ei oppleving som treff både hjartet og sjela.
Dersom vêret tillet det blir konserten ute, med bål og grilling etter konserten. Det kan då vere lurt å ta med seg ein stol.
Med si varme og klåre stemme, akkompagnert av dei funklande tonane frå gitarist Inge-Ronny Kvåle, tek ho deg med på ei reise fylt av stemning, nærleik og musikalsk magi med tekstar der havet og naturen stiller sterkt.
Musikken til Line har vore mykje spelt på både NRK P1 og P3, og hennar album har fått strålande kritikk – med terningkast 5 og 6 frå begeistra anmeldarar. I 2024 vart ho kåra til Årets artist under Luttprisen (NRK Sogn og Fjordane), der juryen hylla hennar sterke musikalske identitet og unike evne til å fange kjensler i musikken.
Med hennar nære og ærlege tekstar, kombinert med ei stemme som varmar hjartet, inviterer bygdelaget og Line deg til ei stemningsfull konsertoppleving i vakre omgjevnader i Barmøy Grendahus.
Vil du ta eigen båt til Barmen, så kan du avtale skyss opp til grendahuset med Hanne Marie Utvær (91102779)
Ferje frå Barmsund til Barmen: 16:30.
Ferje frå Barmen til Barmsund: 20:40.
Varighet 1t og 20 min



