Julefurua er kveikt: - Ho såg betre ut i mørkret enn i dagslys
Foto: Håvar Fagerli
Furua ved ferjekaia i Barmen vart kveikt 1. desember til applaus og enkel julesong.
Det var knytt stor spenning korleis furua ville ta seg ut med lys. Ut frå responsen frå dei frammøtte såg ho bra ut.
Etter kveikinga og julesong som ljoma mellom fjella serverte bygdelaget gløgg, kaffi, klementinar og peparkaker.
Ferja opna dørene og det vart ei trivleg stund inne i salongen på MF Barmen.
Foto: Håvar Fagerli