Orkanen Dagmar øydela juletrefesten

Orkanen Dagmar øydela juletrefesten

Image link

Dagmar øydela juletrefesten og mykje meir

Image link

Trefall ved grendahuset. Foto: Håvar Fagerli

1. juledag er det tradisjon at det skal vere ein fredeleg dag, men slik vart det ikkje i 2011.

Nokre meiner òg at denne dagen er det ikkje lov til å renne ned dørene til naboen. Men ei uhøfleg dame med namn Dagmar heldt ikkje denne tradisjonen i hevd. Orkanen Dagmar herja med store delar av Noreg kvelden 1. juledag.

Også Barmen fekk besøk av denne strenge dama. Sjølve grendahuset greidde seg bra orkannatta, men straumtilførselen vart riven ut av veggen då eit tre la seg over linja. Med det hadde Dagmar øydelagt både juletre- og juletrefot-festen jula 2011.

Image link

Linja til grendahuset låg framleis på bakken fire dagar etter orkanen. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Trefall på veg ned i Vikja. Svært mange trefall lenger inne i landet gjorde at Barmen var utan straum og telefon i tre døgn. Slektningar fekk ikkje kontakt med nokon på øya, og fleire vart uroa. Det var òg frustrerande for dei fastbuande å ikkje kunne fortelje slektningar og vener på fastlandet at alt stod bra til. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Dagmar gjekk ikkje stilt i dørene i Vikja. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Denne plastkassa var bolta fast, men det brydde ikkje Dagmar seg noko om, og flytta kassa mange meter (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Landfast i Vikja. Om nokon kjenner igjen denne båten, kan de finne han i Vikja. Dagmar takkar for lånet. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Om kvelden 1. juledag fråda sjøen rundt nausta i Vikja. Dei fastbuande var ned eom kvelden fo å sjå til båtane om kvelden. Dei kan fortelje at sjøen slo over moloen, og small mot traktoern med eit brak. Alle nausta var denne kvelden ein del av Stadhavet, då sjøen omringa nausta med store krefter. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Sjøen herja med hamna i Vikja, og all asfalten vart riven opp. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Bakkebøen. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Trea sikta eg inn mot straumlinja, men ikkje alle lukkast. Revefella fekk seg òg ein luftetur. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Liten og tøff. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Mykje trefall over vegen i Røysetstranda. Det var ein stri tørn for mjølkebonden å kome seg fram og tilbake til mjølkefjøsen denne dagen. Vegen mellom Barmen og Røyset vart om kvelden heilt stengt av tre, men dyktige sagførarar opna vegen i løpet av natt. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Båt på feil side av vegen … (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Det var ikkje berre tre som fall for Dagmar. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Bøane på Røyset fekk hard medfart av ein frådande sjø. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Mykje skal inspiserast og reparerast etter ein slik tøff orkan. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Det er for tida mørkt på moloen på Røyset. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Dagmar gjorde skade på fleire bygningar på øya. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Tidlegare landbruksjord på Røyset. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Det er heldigvis litt tid til slåtten. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

SFE var i arbeid døgnet rundt. Her er dei arbeid med å byte ut øydelagte stolpar i Rundereimstranda. Barmen var heilt utan straum frå 1. juledag klokka 1900 til 4. juledag klokka 1730. Etterpå var det fleire mindre straumbrot, men øyfolket er hardføre og greidde seg bra. Det einaste var at matlageret vart noko mindre då ein del frysemat vart øydelagt. (Foto: Håvar Fagerli)

Image link

Kva dette er, veit eg ikkje. Uansett er det sikkert nokon som saknar dette og mykje anna som flytta på seg 1. juledag. (Foto: Håvar Fagerli)

Relaterte innlegg