Blir det ny basarrekord 2. november?

Foto: Håvar Fagerli
Barmøy bygdelag inviterer til den årlege basaren med åresal og loddtrekning i grendahuset søndag 02. november klokka 14.00.
Det blir høve til å kjøpe lodd på førehand ved å sende ein sms til leiar i bygdelaget på tlf 911 02 779. Skriv kor mange lodd du vil ha og om du vil betale kontant eller med Vipps til Barmøy bygdelag på nr 128936.
De kan kjøpe lodd frå no og til søndag 02.11. klokka 12. Dei som kjem på basaren kan likevel kjøpe fleire lodd der. Det kostar kr 10,- pr lodd.
Vi håpar på å få sponsa flotte gevinstar frå næringslivet i regionen vår i år òg, men set stor pris på å få gevinstar frå besøkjande til basaren også.
Ta gjerne med eit fat med mat. Kaffi og brus serverer vi.
Velkomne!
Venleg helsing Barmøy bygdelag