Line kom med julestemninga
Line Dybedal hadde med seg både varme, humor og nydeleg julemusikk til Grendahuset. Foto: Håvar Fagerli
Line Dybedal veit kva ingrediensar som skal til for å lage god julestemning. Siste laurdagen før jul fekk 48 heldige sjeler oppleve ein nydeleg julekonsert i Barmøy Grendahus.
Artisten Line Dybedal hadde lagt den nest siste konserten i juleturneen til Barmøy Grendahus. Noko som både øyfolk og tilreisande sette stor pris på.
Line Dybedal serverte ein flott julekonsert, som inneheldt så mykje meir enn berre fin julemusikk og nydeleg song. Line hadde med seg både juleforteljingar, varme, humor og gode historiar frå livet som artist, mor og kone. Og det heile vart toppa med ein eigen konsertbasar, der heldige vinnarar fekk både CD og bok av Line, og ikkje minst ein ananas.
Barmøy Grendahus er eit hus som i seg sjølv legg til rette for å kome i den gode julesteminga. Bygdelaget, med Hanne Marie, spissen hadde pynta Grendahuset og serverte varm gløgg og pepparkaker. Alt dette gjorde at julestemninga blomstra, sjølv om draumen om kvit jul for lengst var borte.
Tusen takk til artist Line Dybedal, gitarist Johannes N. Aagaard og Barmøy bygdelag for ei stor oppleving i Barmøy Grendahus laurdagen før julaftan 2024.
Bygdelaget gjorde også sitt for å sette folk i julestemning. Foto: Håvar Fagerli
Line Dybedal saman med Johannes N. Aagaard ga oss ein fantastisk fin julekonsert. Foto: Håvar Fagerli
Det var god stemning i billettkøen. Foto: Håvar Fagerli
Levande lys på scena er sjølvsagt på ein julekonsert. Foto: Håvar Fagerli
Det var også lagt godt til rette for dei som lurte på vegen til Grendahuset. Foto: Håvar Fagerli
Borda var pynta til julekonsert. Foto: Håvar Fagerli
Line Dybedal trollbatt publikum med si fine røyst. Foto: Håvar Fagerli
Mellom ei fin blanding av eigne og klassiske julesongar fekk publikum høyre litt om historiane bak låtane. Foto: Håvar Fagerli
Gitarist Johannes N. Aagaard. Foto: Håvar Fagerli
Det vart god julestemning i Barmøy Grendahus. Foto: Håvar Fagerli
Line fortalde fleire fine, gode og humoristiske historiar frå eige liv… Foto: Håvar Fagerli
… Noko som publikum kunne kjenne seg igjen i. Foto: Håvar Fagerli
Når ein er soloartist må ein traktere fleire instrument. Her kjem litt dokumentasjon på det. Foto: Håvar Fagerli
Ikkje berre instrument, faktisk. Ein må også vere sin eigen lydteknikar. Foto: Håvar Fagerli
Ein må kunne både synge og justere lyd samtidig. Foto: Håvar Fagerli
Her blir det utført så mange operasjonar samtidig at vi let bildet tale for seg sjølv. Foto: Håvar Fagerli
Alt det tekniske fungerte utmerkt, og publikum fekk ei flott konsertoppleving. Foto: Håvar Fagerli
Line Dybedal er også forfattar, og las litt frå boka si «Eit hjarte til jul». Foto: Håvar Fagerli
Konsertbasaren likte publikum veldig godt. Foto: Håvar Fagerli
Det var stor spenning i salen då hovudpremien vart trekt. Foto: Håvar Fagerli
Jubel i salen då vinnaren vart trekt ut. Foto: Håvar Fagerli
Line Dybedal ga publikum ein svært god julekonsert. Foto: Håvar Fagerli
Også dei som ikkje kunne kome i Grendahuset denne kvelden fekk glede av dei varme tonane til Line Dybedal. Foto: Håvar Fagerli
Line Dybedal takka alle som kom til konserten. Foto: Håvar Fagerli
Og publikum takka Line Dybedal for ein veldig varm og nydeleg fin julekonsert i Barmøy Grendahus 21. desember 2024. Foto: Håvar Fagerli