Line syng jula inn i Grendahuset
Line Dybedal held julekonsert i Barmøy Grendahus laurdag 21. desember. Foto: Helle Frogner
Laurdag 21. desember kjem julestemninga til Barmen med Line Dybedal som held julekonsert i Grendahuset klokka 18.00.
Det er vel ingen annan stad som er betre eigna til julekonsert enn Barmøy Grendahus. Bygdelaget serverer gløgg og pepparkaker og artisten Line Dybedal serverer stemningsfull julemusikk. Om ein også kjem i julestemning med å ta ferje, får ein også den opplevinga som ein god bonus med reise til Barmen på julekonsert.
– Tekstane til Line Dybedal er nære og ektefølte, og musikken er drøymande og kjenslevar. Med musikken som lerret og teksten som pensel, malar songar og låtskrivar Line Dybedal vakre og levande illustrasjonar. I kombinasjon med funklande tonar frå gitarist Johannes N. Aagaard vil dette bli ein stemningsfull konsert i vakre omgjevnader, lovar arrangøren.
På konserten vil du få høyre Dybedal sine eigne jule- og vinterlåtar, mellom anna den rykande ferske oversetjinga av «Have yourself a merry little christmas» som allereie er blitt lista på P1!
I tillegg vil du få høyre fleire av dei kjende og kjære julesongane.Duoen håpar det er mange som vil ta seg tid til å senke skuldrane i Grendahuset fylt av ord og tonar denne kvelden.
– Kanskje vil julestemninga kome? Kanskje kan ein også kjenne ei etterlengta ro komme sigande, seier Line Dybedal.
Billettar til konserten kan kjøpast i døra på Vipps.