Basaren som slo alle rekordar

Basaren som slo alle rekordar

Basaren som slo alle rekordar

Image link

God basarstemning i grendahuset. Foto: Håvar Fagerli

Under basaren i grendehuset søndag 6. september 2024 deltok heile 70 personar, og det kom inn totalt 29.810 kroner. 

Dette er ny basarrekord for Barmøy bygdelag. I 2023 vart også eit rekordår. Då vart det samla inn 21.500, men i år kom det altså inn heile 29.810 kroner på loddsalg. Resultatet for basaren 2024 vart kr. 26.433,- netto.

Barmøy bygdelag er svært takknemlege for eit fantastisk oppmøte på sjølve basaren og for alle som har tatt lodd digitalt.

Bygdelaget vil også takke for alle som leverte inn gevinstar til basaren, både lokalt næringsliv og privatpersonar.

Med 70 basarglade personar i salen, regn og vind ute, god mat og kaffi inne, vart det svært god basarsteming i Barmøy Grendahus denne haustsøndagen.

Tusen takk til alle saman!

Under ser de nokre bilde frå basaren, og etter kvart også trekningslista på hovudgevinstane.

Image link

Kjekt å få plukke sin eigen gevinst ut av korga. Foto: Håvar Fagerli

Image link

Basrar på Barmen er eit sikkert haustteikn. Foto: Håvar Fagerli

Image link

Mange flotte gevinstar som venta på nye eigarar. Foto: Håvar Fagerli

Image link

Gode samtaler er ein viktig del av basaren. Foto: Håvar Fagerli

Image link

Ikkje alltid like enkelt å velje gevinst. Foto: Håvar Fagerli

Image link

Eit rikhaldig matbord takka vere at alle tok med seg litt kvar. Foto: Håvar Fagerli

Image link

Mykje god mat. Foto: Håvar Fagerli

Image link

God stemning i oppvasken også. Foto: Håvar Fagerli

Image link

 Ein glad vinnar av oppvaskluten. Foto: Håvar Fagerli

Image link

Spennande under trekkinga av hovudgevinstane. Foto: Håvar Fagerli

Image link

Mykje spenning på basar. Om ein ikkje vinn sjølv, er det alltids spennande å sjå kva gevinst vinnaren plukkar seg ut. Foto: Håvar Fagerli

Image link

Fotografen var heldig og vann to klutar til glasvask. Foto: Håvar Fagerli

Image link

Ein illustrasjon av kor mange som tok turen på basar. Tusen takk til alle som kom, til alle som tok lodd, alle gevinstar, all maten og alle som deltok digitalt. Foto: Håvar Fagerli

Image link

Gratulerer til alle vinnarar og takk til alle som støtta Barmøy bygdelag med gevinstar.

Relaterte innlegg