Barmen.no
Foto: Håvar Fagerli
Barmøy bygdelag
6715 Barmen
Grendahuset er no granfritt
Meir om Barmen og ferjetilbodet.
Foto: Håvar Fagerli
barmen.no: Håvar Fagerli
16.12.2016
Barmøy bygdelag gjorde i år vedtak om å felle alle dei store granene rundt grendahuset. Fleire har frykta at desse trea skulle ramle over grendahuset. Treentreprenørane Torbjørn og Ingmar Solvåg har i løpet av desember gjort ein god jobb med både trefelling og rydding av området rundt grendahuset.
Det har verkeleg lysna rundt grendahuset når granene no er fjerna. Fleire av granene var svært store, og var til fare for grendahuset om dei skulle falle over ende. Nokre av granene var også litt rotne i kjernen, så det var på høg tid at granene vart lagt ned rett veg med hjelp av motorsag.
Med hjelp av traktorar, tau og taljer har Torbjørn og Ingmar Solvåg felt granene. Bygdelaget takkar for godt utført arbeid.
Traktor med frontlessar har vore til god hjelp under arbeidet
Foto: Håvar Fagerlii
Grendahuset er no eit fint skode frå vegen.
Foto: Håvar Fagerli
Lurer du på kor gamle granene var, er det berre å byrje å telje
Foto: Håvar Fagerli
barmen.no © 2017
Sida er utforma av ein fjellar