Barmen.no
Foto: Håvar Fagerli
barmen.no: Håvar Fagerli
22.03.2015
Sogn og Fjordane fylkeskommune har bestemt at dei skal legge ned bokbåten i fylket. Laurdag 14. mars la bokbåten «Epos» til kai i Barmen, og mykje tyder på at dette vart siste gongen. Likevel er det fleire som ikkje gjev opp kampen for å oppretthalde det flytande biblioteket i Sogn og Fjordane.
Varaordførar Gunn Sande (Sp) overrekte blomar til «Epos» ved spesialbibliotekar Ingrid Dræge og skipper Svein Ivar Vinnes. På same tid sa varaordføraren at ho ville gjere det ho kunne for å påverke fylkespolitikarane til å drive bokbåttilbodet vidare i Sogn og Fjordane.
Gabriëla Lukassen og familien hennar har skrive appell til fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane. Denne appellen kan de lese her.
Lenkje til filmen: Trykk her Barne-TV 2011
Besøk 2013
Besøk 2011
Dramatikk i 2007
barmen.no © 2017
Sida er utforma av ein fjellar