Barmen.no
Foto: Håvar Fagerli
Barmøy bygdelag
6715 Barmen
Siste nytt frå Barmen.no:
Endringar i ferjeruta skjærtorsdag, langfredag og 1. påskedag:
Frå Barmen: 1000, 1320, 1615, 1845, 2115
Frå Barmsund: 1015, 1335, 1630, 1900, 2130
2. påskedag går det søndagsrute. (For spørsmål ta kontakt med Barmøyferja AS på telefon 911 89 343)
Hus til sals på Barmen.
(11.11.2017): Eigedomen ligg sørvendt, flott og usjenert til ytterst mot skogen. Bustadhuset er stort og innhaldsrikt. Eigedomen har lang strandlinje, eiga hamn, jaktrett, garasje, naust og to vedhus. Sjå annonse her
Solstien er offisielt opna. God tur!
(19.08.2017): I sommar opna Solstien på Barmen. Her har familien Barmen på Solhaugen laga ei fargerik turløype frå vegen og opp til Hornet. Den kreative familien har dekorert stien med flotte steinmåleri og ein natursti med spørsmål for både små og store. Turen passar for turgåarar i alle aldrar og formnivå. Sjå bilete her.
Mange ville til Barmen i sommar
(19.08.2017): Også denne sommaren var det godt med besøk til Barmen. Fleire gongar var ferja heilt fullasta, men Barmøyferja køyrde då tilbake og henta dei som måtte stå igjen. Sjølv om det store sommarvêret har glimra med sitt fråvær har turistverksemdene har hatt godt besøk og turområda på øya har vore flittig brukt.
Anbodet krev elektrisk ferje på Barmen-Barmsund
(19.06.2017): Sogn og Fjordane Fylkeskommune har no handsama framlegg til anbod for Barmen-Barmsund. Anbodet legg opp til at "hovudferja skal vera plug in hybrid, og all energiforbruk knytt til drift av ferja skal i ruteproduksjon
eller ved landligge baserast på straum (frå elnettet)" Ferja skal ha same regularitet som i dag, og skal ha plass til 10 personbileingar og/eller eitt vogntog. Sidan ferja skal ladast ved landligge, må det setjast opp ladestasjonar. Arbeidsgruppa for ferjetilbodet til Barmen meiner det er heilt avgjerande at ladestasjonen vert på Barmen (øya), og arbeider no med at dette kjem med i anbodet. Les utgreiinga/vedtaket til fylkeskommunen her.
17. mai 2017 - Godt vêr og god stemning
(17.05.2017): Godt vêr, inneklemt mellom to lågtrykk, la ei flott ramme kring feiringa av 17. mai 2017. Nytt av året var korpsmusikk på høgtalar. Dette fungerte bra, og dei fleste greidde å halde takta. Inne i grendahuset var det dekka eit stort kakebord, som smakte svært godt etter turen bort til Storesvingen. Feiringa heldt fram med leik, quiz, sosialt samvær og konkurransar. Sjå fleire bilete her.
Barmøyferja spelte hovudrolla som skadestad
(12.02.2017): Barmøyferja spelte hovudrolla som skadestad då naudetatane frå Selje, Vanylven, Eid og Stryn gjennomførte ei storøving i Selje 8. februar 2017. Klikk her for bilete og video.
God trafikkauke på Barmøyferja
(21.01.2017): Barmøyferja har dei siste åra hatt ei god trafikkauke på både personbilar og passasjerar. I løpet av 2016 reiste 6.951 personbilar med ferja mellom Barmen og Barmsund. Dette er ei auke på heile 1.099 bilar i forhold til 2014. - Dette er gledelege nyhende, og trafikkauken viser at øya er inne i ei positiv utvikling, seier representantar frå Barmøy bygdelag og Barmøy grunneigarlag til barmen.no. Les meir
Foto: Kristianne Fagerli
Grendahuset er no granfritt
(16.12.2016): Barmøy bygdelag gjorde i år vedtak om å felle alle dei store granene rundt grendahuset. Fleire har frykta at desse trea skulle ramle over grendahuset. Treentreprenørane Torbjørn og Ingmar Solvåg har i løpet av desember gjort ein god jobb med både trefelling og rydding av området rundt grendahuset. Les meir
LIZZ LAGA KJEMPESTEMNING I GRENDAHUSET..IGJEN
(05.11.2016): Allereie frå første song var det fullt på dansegolvet i grendahuset denne layurdagskvelden. 55 glade menneske hadde møtt opp til dans og konsert med artisten Lizz. Barmøy Gjestehus stod som arrangør, og seier at dei er godt fornøgde med arrangemenet. Fleire hus på Barmen var denne helga fylt med gjester frå fastlandet, og barmen.no har fått tilbakemeldingar om at det var svært god stemning rundt om. Tusen takk til Barmøy Gjestehus og Lizz for eit flott arrangement.
Foto: Håvar Fagerli
Barmen og Selje kommune er på same lag
(12.09.2016): Ved årsskiftet 2016/2017 skal det sendast ut nytt anbod på ferjesambandet Barmen-Barmsund. Tidlegare var det Selje kommune som utarbeidde anbodpapira. Dette har no Selje kommune flytta over til Sogn og Fjordane Fylkeskommune. Folket på Barmen inviterte 23.08.2016 formannskapet i Selje kommune til møte, der målet var å lage plattform/strategi for den vidare dialogen med fylkeskommunen kring ferjeanbodet.
Bodskapen er at skal ein sikre busetnad og vidare utvikling på Barmen treng ein ei bilferje stasjonert i Barmen (beredskap), god regularitet og minst like stor kapasitet som i dag.
Her kan de sjå presentasjonen frå møtet. Eiga side om Barmen og ferjetilbodet finn de her.
Øya står samla.
(11.08.2016): Bygdelaget og grunneigarlaget møttest torsdag 11.august. til felles møte Under kyndig leiing med glimt i auget av Tor Ivar Østreng, kom møtelyden gjennom tre viktige saker. 23. august er Formannskapet i Selje kommune invitert til møte med folket på Barmen. Målet med dette møtet mellom Formannskapet og grunneigarlag/bygdelag er at ein saman kan lage felles plattform/strategi for den vidare dialogen med Sogn og Fjordane Fylkeskommune angåande anbodet på ferjesambandet Barmen-Barmsund.
Under møtet 11.08. vart jaktinstruksen for øya vedteken. Det vart òg bestemt at det blir fellesjakt på øya i løpet av hausten, med sosial samling i etterkant. Møtet laga òg ei felles uttale til kommunen sin arealplan for Barmen.
Takk til alle som var med å gjere dette til eit svært godt møte.
Foto: Håvar Fagerli
Stordugnad ved Grendahuset
(07.08.2016): Grendahuset har hatt gode dagar i sommar. Det toppa seg med nymåling den første veka i august. I tillegg er nytt inngangsparti under arbeid og parkeringsplassen er allereie utvida. Les meir
Foto: Håvar Fagerli
Kva tyder dei 1600 år gamle runene på Runesteinen på Barmen?
(07.08.2016): Mellom Korsnes og Røyset står det ein bautastein med innskrevne runer. Ein har tidfesta innskrifta på runesteinen til år 400, og er med det av dei eldste i Sogn og Fjordane. Runene er frå den eldre runerekkja, og dei lærde er usamde om tydinga. Runesteinen er no gjort meir synleg med skilt, og det er høve for kvar enkelt å gjere seg opp ei meining om tydinga. Les meir.
Toget kom vel fram utan korps
(20.05.2016): Det vart ei triveleg feiring av nasjonaldagen i 2016, sjølv utan korps. Toget gjekk frå Grendahuset til Storesvingen med song og hurrarop. Det var fint bunadsvêr med kjøleg nordavind og opphald. Sjå bilete her.
Foto: Håvar Fagerli
Ein god laurdag: Dugnad, felles middag og årsmøte.
(05.05.2016): Laurdag 30. april gjennomførte bygdelaget både dugand, felles middag og årsmøte. God innsats, god mat og godt årsmøte. Astrid er vald til ny leiar, og med seg i styret har ho Norunn, Kariann, Halvdan og Tor.
Foto: Håvar Fagerli
- Det er ein høveleg tett bestand av fin aure i Fjellvatnet
(03.04.2016): Det er Rådgivende Biologer AS som seier dette. Vidare seier rapporten frå Rådgivende Biologer AS: "Auren vaks svært raskt, utan teikn til stagnasjon og kvaliteten var svært fin. Dei fleste aurane hadde ete stingsild og dette er nok
hovudårsaka til at dei kan oppretthalde veksten sjølv ved stor lengde og kjønnsmogning."
No er det opna for fiske!
Fiskekort: kr 50,-/stong/døgeret
barmen.no © 2017
Sida er utforma av ein fjellar