|

|
|
Pengane og smilet sat laust då bygdelaget inviterte til
basar laurdag 13.oktober 2012. Det vart ny basarrekord i nyare tid med 60
frammøtte. Bygdelaget takkar alle som møtte opp, og alle som gav gevinstar til
basaren. (Foto: Håvar Fagerli)
|
| |
 |
|
Basar. Klikk på biletet for større format. (Foto: Håvar Fagerli)
|
| |
 |
|
Fleire lokale bedrifter og mange av dei frammøtte gav gevinstar til basaren. (Foto: Håvar Fagerli)
|
| |
 |
|
Barmøy bygdelag takkar alle som bidrog med gevinstar til basaren. (Foto: Håvar Fagerli)
|
| |
 |
|
Dramatikk: Det var stort dramatikk då ei av årane på mystisk vis forsvann. Folk leita i heile grendahuset, men ingen hadde den gule åra. Det har endå ikkje lukkast nemnda å finne den forsvunne åra. - Dette blir reine påskekrimmen, sa ein av dei tilreisande basardeltakarane. (Foto: Håvar Fagerli)
|
| |
 |
|
Det er ikkje fruktkorga som er den mest ettertrakta gevinsten på basaren på Barmen. (Foto: Håvar Fagerli)
|
| |
 |
|
MNemnda hadde pynta etter årstida. Det var denne dagen ein flott oktoberdag, med sol frå klår himmel. Det var difor ei lita utfordring for nemnda å halde basardeltakarane inne i basarlokalet. (Foto: Håvar Fagerli)
|
| |
 |
|
Ein skikkeleg korgefest med fantastisk god mat. Takk for mat, alle saman! (Foto: Håvar Fagerli)
|
| |
 |
|
Maten og kaffien er eit av hødepunkta som fleire gledde seg til på basaren. (Foto: Håvar Fagerli)
|
| |
|
Styret i Barmøy bygdelag vil takke alle som møtte opp, gav gevinstar og kjøte lodd på basaren, der inntektene går til drift av grendahuset som vi er så glad i.
|
| |
| Takk til følgjande bedrifter som sponsa oss med gevinst: |
|
Byggern Selje
|
|
Wik Daglegvarer
|
| Nabben Pryd og mote |
|
Flatraket Bygg
|
| Coop Selje |
|
Fiskevegn AS
|
| Kaibutikken |