Verutsiktene var heller dårlege tidleg på nasjonaldagen. Det hagla, snøa, blas og regna.
Men brått kom sola. Og barmen.no sin utsende kunne konstantere ein viss optimisme frå kjøkenglaset. Men så kom haglebyene igjen. Fram att med paraplyen og regnfrakken og optimismen minka ein smule. Men som eit under kom våren igjen saman med Flatraket skulekorps. Tusen takk til korpset for flott musikk og relativt fint ver.
Festen heldt fram i grendahuset. Olaug kunne fortelje om "Teskeiskjerringa som skulle feire 17. mai" til ein fullsett sal. Dette vart framført med stor innleving til glede for både store og små. Vidare fekk Olaug til ein flott og interesseant dialog med tilhøyrarane om 17. mai på Barmen før i tida.
Etter allsong og ei god mimrestund kunne vi forsyne oss av Barmens festbord. Deilige kaker og gode smørbrød gjorde godt etter trimturen i Barmen.
Praten gjekk over borda og vi kosa oss saman alle generasjonar samla. På dette bordet var dei av oss som hugsa lengst tilbake under mimrestunda.
Å vere regjerande Barmameister i luftgeværskyting er ein tittel mange er ute etter. Det var lange køar på skytebana på loftet, og underteikna måtte nøye seg med tevlingane i hesteskokasting og pilkast. Her var konkurransen like hard, så det er berre å trene til neste år.
Ein dugnadsgjeng hadde 16. mai laga det veldig fint til utanfor grendahuset. No er det lagt singel og planert svært så flott.
Tusen takk til nemda og Flatraket skulekorps for ei fin markering av nasjonaldagen